Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 40
Pressemelding | Dato: 28.09.2026 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Onsdag 30. september
Kl. 08.30: Energiminister Terje Aasland deltek på eit dialogmøte med ulike interesser knytt til mogleg tilleggsareal for Fosen reinbeitedistrikt i Håmmålsfjellet-Sålekinna i Nord-Østerdalen, saman med landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen og kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran. Møtet går føre seg i Landbruks- og matdepartementet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Landbruks- og matdepartementet på 22 24 91 40, e-post LMD-Pressevakt@lmd.dep.no.
Fredag 2. oktober
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Danmarks nye ambassadør til Noreg, Anne Hougaard Jensen. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland er deltek på den høgtidelege opninga av det 171. storting.