Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 42
Pressemelding | Dato: 09.10.2026 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 12. oktober
Kl. 10.30: Energiminister Terje Aasland deltek på Havvindkonferansen 2026, i regi av Norwegian Offshore Wind. Konferansen går føre seg på Radisson Blu Scandinavia i Oslo. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henna Kvam, telefon 47 40 90 49, e-post henna.kvam@ed.dep.no.
Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland har møte med forbundsleiar Frode Alfheim i Forbundet Styrke. Tema for møtet er aktuelle saker på energiområdet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Torsdag 15. oktober
Energiminister Terje Aasland er i Stavanger. Programmet ser foreløpig slik ut:
Kl. 09.00: Aasland deltek på ei markering i samband med at det i år er 60 år sidan den første leitebrønnen vart bora på norsk sokkel. Stad: Norsk Oljemuseum på Kjerringholmen. Statsråden er tilgjengeleg for presse i pausen, om lag kl. 11.00.
Kl. 12.00: Aasland er til stades på eit innspelsmøte til det pågåande arbeidet med ei stortingsmelding om petroleumspolitikken. Møtet blir arrangert i samarbeid med Næringsforeningen i Stavanger-regionen og går føre seg på Rosenkildehuset. Det er mogleg for presse å fotografere ved starten av møtet. Etter møtet, om lag kl. 14.00, er møtedeltakarane tilgjengelege for kommentarar.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mathias Rongved, telefon 97 56 52 58, e-post mathias.rongved@ed.dep.no.