Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 43
Pressemelding | Dato: 17.10.2025 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 20. oktober
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland besøkjer fjernvarmeanlegget til Skagerak Energi, der han blant anna får ei omvising på anlegget og ei orientering om drifta. Stad: Amtmand Aallsgate, Skien. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Tysdag 21.oktober
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Havvindkonferansen 2025, i regi av Norwegian Offshore Wind. Konferansen går føre seg på Radisson Blu Scandinavia. Adresse: Holbergs gate 30, Oslo. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stine.grimsrud@ed.dep.no.
Torsdag 23. oktober
Kl. 08.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit frukostmøte med toppleiarar i energinæringane og Energi2050-forum. Møtet går føre seg hjå Noregs forskingsråd. Adresse: Drammensveien 288, Oslo. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no.
Kl. 20.00: Energiminister Terje Aasland deltek på H. M. Kongens middag for stortingsrepresentantane, på Slottet.