Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 47
Pressemelding | Dato: 14.11.2026 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 16. november
Kl. 11.45: Energiminister Terje Aasland, landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen og kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran har møte med Sør-Fosen sijte og Fosen Vind. Tema for møtet er tilleggsareal for Fosen reinbeitedistrikt. Møtet går føre seg i Landbruks- og matdepartementet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Landbruks- og matdepartementet på 22 24 91 40, e-post LMD-Pressevakt@lmd.dep.no.
Tysdag 17. november
Energiminister Terje Aasland er i Harstad. Programmet ser foreløpig slik ut:
Kl. 12.00: Aasland er til stades på eit innspelsmøte til det pågåande arbeidet med ei stortingsmelding om petroleumspolitikken. Møtet vert arrangert i samarbeid med Arctic Energy Partners og går føre seg hjå Equinor Harstad. Adresse: Margrethe Jørgensens vei 13. Det er mogleg for presse å fotografere ved starten av møtet. Etter møtet, om lag kl. 14.00 er møtedeltakarane tilgjengelege for kommentarar.
Kl. 14.15: Aasland besøkjer leverandørbedriftene Imtas Harstad og Manoda. Adresse: Stangnesterminalen 18.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post henrik.hoel@ed.dep.no.
Onsdag 18. november
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Gasskonferansen 2026. Konferansen går føre seg på Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo og vert arrangert av Norsk Industri, Energigass Norge, Drivkraft Norge og Norsk hydrogenforum. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henna Kvam, telefon 47 40 90 49, e-post henna.kvam@ed.dep.no.
Kl. 11.30: Energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Torsdag 19. november
Kl. 08.30: Energiminister Terje Aasland har møte med EUs nye ambassadør til Noreg, Peter van Kemseke. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.