Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 48
Pressemelding | Dato: 20.11.2026 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 23. november
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland opnar eit nytt energibygg ved sjukehuset i Telemark. Energibygget styrkjer sjukehusets forsyningstryggleik og bidreg til meir effektiv energibruk. Adresse: Ulefossvegen 55, Skien. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henna Kvam, telefon 47 40 90 49, e-post henna.kvam@ed.dep.no
Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland, landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen og kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran har møte med Nord-Fosen siida og Fosen Vind. Tema for møtet er tilleggsareal for Fosen reinbeitedistrikt. Møtet går føre seg i Landbruks- og matdepartementet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Landbruks- og matdepartementet på 22 24 91 40, e-post LMD-Pressevakt@lmd.dep.no.
Tysdag 24. november
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland er til stades på Haustkonferansen 2026. Konferansen går føre seg i Oslo Spektrum. Aasland er tilgjengeleg for akkreditert presse i pausen, om lag kl. 10.30. Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 62 46, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.
Kl. 14.15: Energiminister Terje Aasland har møte med Litauens energiminister Lukas Savickas. Tema for møtet er energisamarbeidet mellom Noreg og Litauen. Savickas er i Noreg i samband med Haustkonferansen 2026. Stad: Radisson Blu Hotel Plaza, Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Onsdag 25. november
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland har møte med administrerande direktør Birgitte Vartdal i Statkraft. Tema for møtet er aktuelle saker på energiområdet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Øst-Finnmark regionråd. Tema for møtet er kraft og nett i nord. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 11.30: Energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og energiminister Terje Aasland har invitert næringslivsleiarar til innspelsmøte om kraft og konkurransekraft. Møtet går føre seg i regjeringskvartalet i Oslo. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Etter møtet, om lag kl. 13.30, er deltakarane tilgjengelege for presse. Presse som ønskjer å vere til stades, må akkreditere seg innan tysdag 24. november kl. 12.00. Skjema for akkreditering ligg i pressemeldinga frå Statsministerens kontor. Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@ed.dep.no.
Torsdag 26. november
Kl. 18.30: Energiminister Terje Aasland deltek på eit ope folkemøte om datasenter, industriutvikling og energibehov, i regi av Bamble Ap. Stad: Bamble ungdomsskole, Stathelle. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Fredag 27. november
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med fylkesrådsleiar Marianne Dobak Kvensjø i Nordland, fylkesvaraordførar Benjamin Nordberg Furuly i Troms og fylkesordførar Hans-Jacob Bønå i Finnmark. Tema for møtet er kraft- og nettsituasjonen i Nord-Noreg. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.