Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 8

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 17. februar
Kl. 20.00: Energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med Voss Ap. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Tysdag 18. februar
Energiminister Terje Aasland besøkjer Nesbyen og Kongsberg. Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 10.00: Energiministeren har møte med Nesbyen kommune og NVE. Temaet for møtet er flaum og flaumsikring. Stad: Embetsgarden, Nesbyen.

Kl. 12.15: Energiministeren får ei omvising i nokre av områda i Nesbyen som blei ramma av ekstremvêret Hans. Han får også ei orientering om kommunens flaumsikringstiltak.

Kl. 16.00: Energiministeren besøkjer TechnipFMC på Kongsberg. Stad: Kongsberg Teknologipark.

Kl. 17.00: Energiministeren har eit møte med ordføraren og representantar for industrien på Kongsberg. Tema for møtet er kraftsituasjonen. Stad: Kongsberg Teknologipark.

Kl. 18.00: Energiministeren deltek på temakvelden «Hvordan skal kraftframtiden se ut?» i regi av LO Buskerud. Stad: Christians Kjeller, Kongsberg.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.

Onsdag 19. februar
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Hafslund. Tema for møtet er rammevilkåra for fjernvarme. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 11.30: Energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Torsdag 20. februar
Kl. 10.15: Energiminister Terje Aasland besøkjer Norsk Oljemuseum i Stavanger, der han deltek på opninga av utstillinga «Pappa» som handlar om Kielland-ulykka. Adresse: Kjerringholmen 1, Stavanger. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.