Utdrag frå olje- og energiminister Marte Mjøs Persens kalender for veke 44

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 1. november
Olje- og energiministeren er i Bergen og Øygarden, der ho deltek på NHHs shippingkonferanse, besøkjer Odfjell Drilling og Northern Lights. Fleire detaljar om besøket her.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Arild Theimann, telefon 93 22 78 37, e-post arild.theimann@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@oed.dep.no.

Tysdag 2. november
Kl. 11.00: Olje- og energiministeren møter representantar for reindrifta, i samband med vindkraftutbygginga på Fosen. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet, i Akersgata 59.
 
Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte i R5 seinast kl. 10.45.

Etter møtet, om lag kl. 12, er statsråden tilgjengeleg for presse. Oppmøte i R5 seinast kl. 11.45.

Me ber alle fotografar og journalistar om å akkreditere seg til info@oed.dep.no innan måndag 1. november kl. 16.00. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Lønrusten Rogstad, telefon 93 48 92 25, e-post ilr@oed.dep.no.

 

Kl. 17.00: Olje- og energiministeren deltek på International Energy Forum, i regi av Norwegian Energy Partners. Konferansen går føre seg på Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@oed.dep.no.

 

Onsdag 3. november
Kl. 15.45: Olje- og energiministeren er til stades på årskonferansen til Aker BP, på det nye Munch-museet i Bjørvika.

 

Fredag 5. november   
Kl. 10.00: Olje- og energiministeren deltek på ein rundebordskonferanse om fornybar energi, i samband med at Tysklands president Frank-Walter Steinmeier er på offisielt besøk til Noreg. Arrangementet går føre seg hjå DNV. Addresse: Veritasveien 1, Høvik.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.