Utdrag frå olje- og energiminister Marte Mjøs Persens kalender for veke 46

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 15. november

Kl. 16.00: Olje- og energiministeren har møte med miljøorganisasjonane Greenpeace, WWF, Natur og Ungdom, Bellona og Naturvernforbundet.

Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet, i Akersgata 59. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte i R5 seinast kl. 15.45. Etter møtet, om lag kl. 17, er møtedeltakarane tilgjengelege for presse. Oppmøte i R5 seinast kl. 16.45.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no.

Tysdag 16. november

Kl: 10.00: Olje- og energiministeren deltek på Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) 100-årsmarkering. Markeringa går føre seg hjå NVE.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Lønrusten Rogstad, telefon 93 48 92 25, e-post ilr@oed.dep.no.

Kl. 17.00: Olje- og energiministeren deltek på konferansen Shell Energy Dialogue, på det nye Munch-museet i Bjørvika. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Peder Qvale, telefon 97 04 77 45, e-post pq@oed.dep.no.

Onsdag 17. november

Kl. 13:00: Olje- og energiministeren deltek på Statnetts haustkonferanse, på Sentralen i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Lønrusten Rogstad, telefon 93 48 92 25, e-post ilr@oed.dep.no.

Fredag 19. november

Kl. 09:00: Olje- og energiministeren deltek på Bergen Næringsråds årskonferanse i Grieghallen, Bergen. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon: 92 85 78 91, e-post: mlh@oed.dep.no