Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 17
Pressemelding | Dato: 22.04.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 25. og tysdag 26. april
Olje- og energiministeren deltek på Barentshavkonferansen i Hammerfest. Måndag kl. 16.00 besøkjer statsråden Polarbase, der han møter fleire leverandørbedrifter. Tysdag kl. 09.00 held han innlegg på Barentshavkonferansen, og kl. 13:00 besøker han verkstaden OSS Nor.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@oed.dep.no.
Onsdag 27. april
Kl. 11.30: Olje- og energiministeren er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
Kl. 16.00: Olje- og energiministeren møter representantar for Porsgrunn kommune, for å diskutere industriell utvikling på Herøya.
Torsdag 28. april
Statsråden er i Stortinget i samband med behandlinga av eit representantforslag om lokal CO2-fangst og -lagring for å nå klimamål på sokkelen.
Fredag 29. april
Kl. 10.30: Olje- og energiministeren deltek på skipsdåpen av Yara Birkeland, verdas første elektriske og sjølvkøyrande containerskip. H.K.H. Kronprins Haakon er også til stades. Yara Birkeland skal gå i rute mellom Yaras gjødselfabrikk på Herøya og havna i Brevik, og erstattar 40 000 turar med dieseldriven lastebiltransport i året.
Arrangementet er todelt og går før seg på Herøya og i Grenland Havn. Presse som ønskjer å delta må akkreditere seg til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark innan tysdag 26. april kl. 12.
Fleire detaljar finn du i denne pressemeldinga frå Statsforvaltaren.
Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@oed.dep.no.