Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 18

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 2. mai

Olje- og energiministeren besøkjer Mosjøen, der han blant anna skal på befaring til vindkraftanlegget på Øyfjellet. Han besøkjer også Alcoa, møter representantar for reindriftsnæringa og skal ha møte med Mosjøen og Omegn Næringsselskap.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Lønrusten Rogstad, telefon 93 48 92 25, e-post ilr@oed.dep.no.

Tysdag 3. mai

Olje- og energiministeren er på Notodden, der han blant anna møter Tinfos og Notodden Energi. Han besøkjer også Telemark Teknologipark og NEL.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no.

Onsdag 4. mai

Olje- og energiministeren besøkjer Edvard Grieg-plattforma i Nordsjøen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@oed.dep.no.

Torsdag 5. mai

Olje- og energiministeren er i Stortinget i samband med behandlinga av fleire representantforslag på energiområdet.

Søndag 8. mai

Kl. 15.00: Olje- og energiministeren deltek på markeringa av frigjerings- og veterandagen 2022, i Sandnes i Rogaland. Markeringa er eit samarbeid mellom Sandnes, Stavanger og fleire andre kommunar i regionen.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no