Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 26

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 26. juni
Kl. 11.00: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Haakonsvern orlogsstasjon i Bergen, der han får ei orientering frå Sjøforsvaret om arbeidet med å sikre norsk olje- og gassinfrastruktur og den tette samhandlinga mellom Forsvaret, styresmaktene og næringa. Statsråden og sjefen for Sjøforsvaret er tilgjengelege for presse om lag kl. 13.20.

Presse som ønskjer å delta på besøket må melde seg på til kommunikasjonssjef Michel Hayes i Sjøforsvaret, telefon 98 81 12 46, e-post mhayes@mil.no. Påmelding innan måndag 26. juni kl. 11.00. Oppmøte ved hovudinngangen på Haakonsvern seinast kl. 12.50.

 

Kl. 15.00: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Teknologisenter Mongstad (TCM), der han blant anna får ei orientering om drifta av anlegget og ei omvising. Presse som ønskjer å delta på omvisinga kan sende ein e-post om dette til kommunikasjonssjef Arvid Samland innan måndag 26. juni kl. 12. Adresse: Mongstad 71, Mongstad.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.

 

Tysdag 27. juni
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Angolas minister for mineralressursar, olje og gass, Diamantino Pedro Azevedo. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet i Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 10.30: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Storbritannias nye ambassadør til Noreg, Jan Thompson.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.