Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 34
Pressemelding | Dato: 23.08.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Onsdag 24. august
Olje- og energiminister Terje Aasland er i Trøndelag, der han blant anna besøkjer NTNU, SINTEF, TrønderEnergi og Stokkfjellet vindkraftverk.
Program:
Kl. 09.30: Besøk til NTNU Gløshaugen og Marinteknisk senter.
Stad: NTNU, Høgskoleringen 1, Trondheim.
Kl. 12.40: Besøk til SINTEF Energy lab.
Stad: Anna Martha Kvams veg 35, Trondheim.
Kl. 14.30: Olje- og energiministeren er tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Stad: Anna Martha Kvams veg 35, Trondheim.
Kl. 15.00: Møte med Trønderenergi, fornybarselskapet Aneo og innovasjonsklynga Renewable Energy Cluster. Stad: Klæbuveien 118, Lerkendal
Kl. 17.30: Besøk til Stokkfjellet vindkraftverk i Selbu, der statsråden deltek på open dag.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.
Søndag 28. august
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på den offisielle opninga av Yme-feltet i Nordsjøen.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Måndag 29. august og tysdag 30. august
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på ONS 2022 i Stavanger.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post eeb@oed.dep.no.