Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 34

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 21. august
Kl. 08.30: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Tveten skole i Porsgrunn.   

Kl. 10.15: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Norcem i Brevik.

Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Bamble handelspark.

Kl. 12.45: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Bamble videregående skole.

Kl. 19:00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek i ein debatt i regi av Offshore Norge. I debatten møter han Nikolai Astrup (H) og Ingrid Liland (MDG). Stad: Parkteatret, Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Onsdag 23. august
Kl. 14.00: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Gjerdrum kommune, der han deltek på den offisielle markeringa av at gjenoppbygginga og sikringa av skredområdet i Ask sentrum er ferdig.

Noregs Vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sidan januar 2021 jobba med å sikre området som vart ramma av eit stort kvikkleireskred i slutten av desember 2020.

Markeringa går føre seg ved Gjerdrum helsehus.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post: arsa@oed.deo.no   og kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post: joja@oed.dep.no.

 

Torsdag 24. august
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Trøndelag. Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 10.30: Besøk til Blått kompetansesenter på Frøya.

Kl. 11.35: Besøk til Hitra industripark og kysthavn.

Kl. 14.00: Besøk til Wacker Chemicals Norway på Kyrksæterøra.

Kl. 17.00: Olje- og energiministeren deltek på ein industrikonferanse i regi av Orkland Arbeiderparti og LO. Konferansen går føre seg hjå Orkel på Fannrem.

Kl. 19.35: Olje- og energiministeren møter regionrådet Trøndelag Sørvest.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.