Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 35

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 28. august
Kl. 10.00: Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl og olje- og energiminister Terje Aasland møter ordførarar, fylkesordførarar og statsforvaltarar frå dei områda som har blitt råka av ekstremvêret «Hans». Møtet går føre seg digitalt.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Fornybar Norge. Tema for møtet er aktuelle saker på energifeltet.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 14.30: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på lanseringa av Fornybar Norges rapport «Handlekraft – veikart mot 2030 for norsk fornybarnæring».

Arrangementet går føre seg på Kulturhuset i Oslo. Adresse: Youngs gate 6.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no.

 

Tysdag 29. august
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Stavanger. Programmet for besøket ser foreløpig slik ut: 

Kl. 09.00: Statsråden deltek på OD-konferansen i Stavanger. Konferansen går føre seg på Radisson Blu Atlantic Hotel.

Kl. 11.00: Statsråden besøkjer Universitetet i Stavanger, der han skal halde eit innlegg og delta i ein diskusjon om energiomstilling. Besøket går føre seg i Kjølv Egelands Hus, Kristine Bonnevies veg 22.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.

 

Onsdag 30. august
Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på forbundsstyremøte i EL og IT Forbundet.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 13.30: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Fornybar Norge, Distriktsenergi og Linja. Tema for møtet er innmatingstariffen.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 15.00: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Mjøndalen i Drammen kommune, som har vore ramma av flaum og store vassmengder dei siste vekene.

Dei skal besøkje Mjøndalen gamle bru, Hatten barnehage og NVEs sikringsanlegg i Mjøndalen. 

Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no

 

Torsdag 31. august og fredag 1. september
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på regjeringa sin budsjettkonferanse, på Statsministerens kontor.