Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 38

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 19. september

Olje- og energiminister Terje Aasland skal orientere Stortinget om kraftsituasjonen.

Programmet for dagen ser foreløpig slik ut:

Kl. 08.30: Olje- og energiminister Terje Aasland inviterer journalistar og kommentatorar til eit frukostmøte om kraftsituasjonen, i samband med orienteringa han skal gi til Stortinget seinare på dagen. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet, Akersgata 59. Det blir enkel servering. Me ber om at pressefolk som ønskjer å delta på frukostmøtet melder seg på til info@oed.dep.no innan søndag 18. september kl. 18.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no.

 

Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stortinget, der han skal gi ei orientering om kraftsituasjonen. Etter stortingsmøtet, tentativt kl. 14.00, er statsråden tilgjengeleg for presse i Vandrehallen.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Margrete Løbben Hanssen, telefon 92 85 78 91, e-post mlh@oed.dep.no.

 

Onsdag 21. september

Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på landsstyremøtet i Fagforbundet. Stad: Keysers gate 15, Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

Kl. 15.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Stad: Resepsjonen i R5, Akersgata 59.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.

 

Torsdag 22. september

Kl. 11.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Hydro og Eviny. Tema for møtet er kraftsituasjonen.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Katapultsenteret Sustainable Energy. Tema for møtet er hydrogen.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.