Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 45
Pressemelding | Dato: 06.11.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 7. november
Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Shell Energy Dialogue i Oslo.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Tysdag 8. november
Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på opninga av Dalsfoss kraftverk i Kragerøvassdraget.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@oed.dep.no.
Kl. 13.30: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Herøya Industripark.
Elkem, Hydro og Altor har vedteke å investere i eit pilotanlegg for produksjon av syntetisk grafitt på Herøya. Det nye selskapet Vianode skal levere store volum av eit materiale som er kritisk for batteriverdikjeda. Stad: Hydrovegen 55, Porsgrunn.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@oed.dep.no.
Onsdag 9. november
Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Statnetts haustkonferanse. Konferansen går føre seg på Sentralen i Oslo. Adresse: Øvre Slottsgate 3.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Kl. 16.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Stad: Olje- og energidepartementet, Akersgata 59.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Torsdag 10. november
Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Statnett.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Fredag 11. november
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Utsira. Statsråden skal blant anna bli betre kjent med industrien på øya. Han skal også møte fleire av ordførarane på Haugalandet og lære meir om regionen sine ambisjonar for havvindutbygginga på Utsira Nord.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.