Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 47

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Søndag 19. november og måndag 20. november

Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på ministermøte i Nordsjøsamarbeidet (NSEC). NSEC er ein sentral arena for utvikling av havvind i Nordsjøen. Ministermøtet går føre seg i Haag i Nederland.

Måndag reiser statsråden vidare til Brussel for å delta på Energy Hydrogen Week, der han skal halde innlegg og møte norske bedrifter.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@oed.dep.no.

 

Tysdag 21. november

Kl. 08.15: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Tsjekkias energiminister Jozef Síkela. Síkela er i Oslo i samband med Haustkonferansen 2023.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på Haustkonferansen 2023, på Det Norske Teatret i Oslo. Aasland er tilgjengeleg for akkreditert presse i første pause, om lag kl. 10.30.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.

 

Om ettermiddagen er olje- og energiminister Terje Aasland i Stortinget i samband med behandlinga av saker på energifeltet.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Onsdag 22. november

Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Torsdag 23. november

Kl. 12.30: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Zero.  Tema for møtet er klimatoppmøtet i Dubai i desember.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Fredag 24. november

Kl. 09.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter den nye administrerande direktøren i Vår Energi, Nick Walker.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter Belgias nye ambassadør til Noreg, Jan Bayart.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.