Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 49
Pressemelding | Dato: 02.12.2022 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 5. desember
Olje- og energiminister Terje Aasland besøkjer Voss herad i etterkant av flaumen i november.
Besøket startar kl. 12.00 med synfaring i Evanger sentrum. Om lag kl. 13.30 blir det synfaring i Voss sentrum, blant anna med besøk til sentralidrettsanlegget og Fotballklubben Voss. Kl. 16.00 skal statsråden vere med på eit møte i Voss ungdomsråd, der flaumen også blir tema.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@oed.dep.no.
Tysdag 6. desember
Kl. 10.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av havenergilova.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Onsdag 7. desember
Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
Kl. 16.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Stad: Vandrehallen på Stortinget.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.
Torsdag 8. desember
Om ettermiddagen er olje- og energiminister Terje Aasland i Stortinget i samband med behandlinga av den mellombelse lova om forlenga straumstønad.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.