Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 27
Pressemelding | Dato: 26.06.2026 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 27, 2026.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utviklingsminister Åsmund Aukrust
Tysdag 30. juni
Kl. 14.00: Utviklingsminister Åsmund Aukrust har eit digitalt møte med Esther Duflo, professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) og mottakar av Nobelprisen i økonomi i 2019 for forsking på fattigdom.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 2. til fredag 3. juli
Utviklingsminister Åsmund Aukrust er i Førde der han blant anna besøker Førdefestivalen, Norec og Den uavhengige evalueringsavdelinga for norsk utviklingssamarbeid (Eval).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Astrid Bergmål
Måndag 29. juni til onsdag 1. juli
Statssekretær Astrid Bergmål deltek på verdskonferansen mot dødsstraff. Stad: Paris, Frankrike.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 1. juli til søndag 5. juli
Kl. 13.15: Statssekretær Astrid Bergmål er i Lisboa der ho deltek på lanseringa av det nye sivilsamfunnsfondet finansiert av EØS-midlane. Ho skal òg ha andre bilaterale møte. Stad: Lisboa i Portugal.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Tysdag 30. juni til fredag 3. juli
Statssekretær Eivind Vad Petersson har bilaterale møte i Usbekistan og Kasakhstan.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Stine Renate Håheim
Måndag 29. juni til tysdag 30. juni
Statssekretær Stine Renate Håheim deltek på den internasjonale berekraftskonferansen Hamburg Sustainability Conference. Stad: Hamburg, Tyskland.