Presseinformasjon:
Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 44
Pressemelding | Dato: 23.10.2026 | Utanriksdepartementet
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 44, 2026.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 26. oktober
Utanriksminister Espen Barth Eide er i Ungarn for å underteikne ei ny avtale om ein ny periode med EØS-midlar for Ungarn.
Tysdag 27. til onsdag 28. oktober
Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på sesjonen til Nordisk råd i 2026. Stad: Helsingfors, Finland.
Utviklingsminister Åsmund Aukrust
Torsdag 29. oktober
Kl. 11.45: Utviklingsminister Åsmund Aukrust har eit møte med ein elev frå vidaregåande skule som i samband med OD-dagen vikarierer som leiar for Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 27. til onsdag 28. oktober
Nordisk samarbeidsminister Åsmund Aukrust deltek på sesjonen til Nordisk råd i 2026. Stad: Helsingfors, Finland.
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik
Måndag 26. oktober
Kl. 14.15: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik held eit føredrag om folkerettsleg metode for studentnettverket i Forsvar Folkeretten. Stad: Domus Juridica, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 29. oktober til fredag 6. november
Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik deltek på FNs fiskeriforhandlingar. Stad: New York, USA.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Eivind Vad Petersson
Måndag 26. oktober
Kl. 10.30: Statssekretær Eivind Vad Petersson møter komiteen for konstitusjonelle saker (AFCO) i Europaparlamentet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 27. oktober
Kl. 11.15: Statssekretær Eivind Vad Petersson møter generalsekretær Kevin Casas-Zamora i International IDEA (International Institute for Democracy and Electoral Assistance).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 28. oktober
Statssekretær Eivind Vad Petersson reiser til Roma for å delta på Second National Defense Conference «The Arctic and Antartica: Italy’s national system in the international arena and new challenges of global competition» i regi av forsvarsdepartementet i Italia. Han møter også viseminister Cirielli i utanriksdepartementet (H.E. Edmondo Cirielli, Deputy Minister of Foreign Affairs and International Cooperation of Italy).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Stine Renate Håheim
Måndag 26. oktober
Kl. 10.15: Statssekretær Stine Renate Håheim held eit hovudinnlegg på konferansen «What Does Preparedness Mean Today? Health, Climate, and Power at a Crossroads». Stad: Scandic Hotel Ørnen, Bergen.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 11.45: Statssekretær Stine Renate Håheim held innlegg under opninga av CMI sitt kunnskapssenter for bistand. Stad: Bergen, Vestland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 14.00: Statssekretær Stine Renate Håheim deltek på konferansen «Stå opp for havet». Stad: Bergen, Vestland.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 27. oktober
Kl. 13.30: Statssekretær Stine Renate Håheim har eit møte med Manuel Barange, assisterande generaldirektør i Food and Agriculture Organization of the United Nations (FAO). Stad: Norad.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 14.00: Statssekretær Stine Renate Håheim deltek på eit akvakulturseminar i regi av Norad, NHO og FAO. Stad: Norad.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 28. til torsdag 29. oktober
Statssekretær Stine Renate Håheim deltek på «Global Review of Aid for Trade» i regi av Verdas handelsorganisasjon (WTO). Stad: Genève.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.