– Dei regionale flyrutene er viktige for å sikre gode transporttilbod for innbyggjarar og næringsliv i distrikta, og dei spelar ei sentral rolle i å styrkje økonomien og konkurransekrafta i heile landet. No lyser vi ut ein ny konkurranse om drift av dei regionale flyrutene i Sør-Noreg for å sikre eit godt flytilbod også i framtida, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Alle ruteområda i Sør-Noreg som er omfatta av dei gjeldande avtalane, blir vidareførte som FOT-ruter i denne utlysinga. Minstekrava til setekapasitet og ruteføring blir vidareførte på sju ruter, og styrkte på rutene Ørsta-Volda–Bergen, Ørsta-Volda–Oslo og Sandane–Oslo.

Fakta om FOT-rutene
Konkurransen i Sør-Noreg omfattar følgjande ruteområde (v.v. er forkorting for vice versa):

  1. Røros–Oslo v.v.
  2. Florø–Oslo v.v.
  3. Stord–Oslo v.v.
  4. Ørsta-Volda–Oslo v.v.
  5. Førde–Oslo v.v.
  6. Sogndal–Oslo v.v.
  7. Sandane–Oslo v.v.
  8. Ørsta-Volda–Bergen v.v.
  9. Sogndal–Bergen v.v.
  10. Sandane–Bergen v.v.

For å sikre eit tilfredsstillande flytilbod på ruter der det ikkje er bedriftsøkonomisk lønsamt å drive kommersielt, kjøper staten flytransport gjennom konkurransar mellom flyselskapa. Desse rutene blir ofte kalla FOT-ruter (forpliktingar til offentleg tenesteyting). Flyselskapet som vinn konkurransen, får einerett til å drive eitt eller fleire ruteområde i ein avgrensa periode. Samferdselsdepartementet kan stille krav til drifta av flyrutene, mellom anna når det gjeld setekapasitet, ruteføring og maksimal billettpris.

Regelverket for kjøp av flyruter opnar for avtaleperiodar på inntil fire år i Sør-Noreg og fem år i Nord-Noreg. Dei gjeldande avtalane i Sør-Noreg går ut 31. oktober 2027, medan avtalane i Nord-Noreg går ut 31. oktober 2028.

 

Meir informasjon: Sjå innbydinga for konkurransen.