Historisk arkiv

Utval skal sjå på folkehøgskulane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Å gå på ein folkehøgskule er blitt stadig meir populært, men det er lenge sidan folkehøgskulefeltet har vorte evaluert. - Folkehøgskulane er ein viktig del av det norske utdanningssystemet. No set regjeringa ned eit offentleg utval som skal sjå på kva slag samfunnsoppdrag folkehøgskulane skal ha og korleis ein bør sikre god kvalitet på utdanningane, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

I dag finst det om lag 80 folkehøgskular spreidde over heile landet, frå Svalbard i nord til Mandal i sør. Regjeringa har satsa på folkehøgskulesektoren, og har sidan 2014 godkjent heile seks nye folkehøgskular. Kvart år  begynner meir enn ein av ti ungdommar på ein folkehøgskule.

- Folkehøgskulane byr på eit unikt sosialt fellesskap der du lærer å kjenne folk frå heile landet og som kan hende har ein heilt annan bakgrunn enn deg sjølv. På folkehøgskulane lærer ein seg toleranse og respekt. Det er viktig lærdom å ha med seg vidare i livet. For å sikre at folkehøgskulane framleis skal vere eit viktig supplement til det formelle utdanningssystemet, meiner eg det er nyttig at vi får eit heilskapleg blikk på sektoren no, seier Melby.

Utvalet som skal setjast ned vil mellom anna sjå på kva samfunnsoppdraget til folkehøgskulane skal vere og kva slags rammevilkår som må vere på plass. Folkehøgskulesektoren har dei siste åra uttrykt eit ønske om å bidra til å løyse ulike samfunnsutfordringar, som til dømes å bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring og høgare utdanning, og å kunne bidra til integrering.

Utvalet skal setjast saman av personar med kunnskap om folkehøgskulesektoren, den øvrige utdanningssektoren og personar som kan bidra med eit breiare samfunnsperspektiv.

Samansetjinga av utvalet er ikkje klart. Utvalet skal levere rapporten sin 1. oktober 2022.