Marianne Aasen skal leie utval som skal gå gjennom opptakssystemet til høgare utdanning

– Utdanningsval er eit av dei viktigaste vala vi gjer i livet. Derfor er det viktig at vi har eit regelverk for opptaket til høgare utdanning som både er heilskapleg og enkelt å forstå. Dagens opptaksforskrift har vorte endra og tilpassa ulike behov sidan 2007 og vi meiner tida er inne for ein fullstendig gjennomgang, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Utvalet skal gjere ein heilskapleg gjennomgang og vurdere regelverket for opptak til høgare utdanning. Dei skal foreslå eit forståeleg og fleksibelt opptaksregelverk, som varetar rettstryggleiken til søkarane og som kan tilpassast høgare utdanning i framtida og den teknologiske utviklinga.

Eit betre opptakssystem

Regjeringa har bestemt at Marianne Aasen skal leie utvalet. Aasen jobbar som leiar for Simula School of Research and Innovation og har tidlegare mellom anna vore stortingsrepresentant i tre periodar for Arbeidarpartiet.

– Eg gler meg til å bidra med å utvikle eit betre opptakssystem til høgare utdanning enn det vi har i Noreg i dag. Som samfunn er det mykje å hente, men også ungdommane sjølve og studiestadene vil vere tente med eit betre opptakssystem, seier Marianne Aasen.

– Eg er godt fornøgd med at Aasen har sagt ja til å leie dette arbeidet. Ho får med seg veldig dyktige og kompetente medlemmer som har erfaring frå ulike delar av opptaket til høgare utdanning. Til saman har dei eit veldig godt utgangspunkt for å kome med forslag til korleis vi kan skape framtidas opptakssystem, seier Asheim.

Arbeidet til utvalet skal ende med ei norsk offentleg utgreiing (NOU), som skal leverast Kunnskapsdepartementet seinast 1. desember 2022.

Medlemmene i utvalet:

Marianne Aasen (leiar), leiar for Simula School of Research and Innovation

Ingeborg Marie Østby Laukvik, dagleg leiar for Halden Næringsutvikling

Ingebjørg Buli Trydal, avdelingsleiar HR i Agder Energi

Bjørnar Klausen Pande Wølner, seksjonssjef for opptak ved Universitetet i Sørøst-Norge

Asbjørn Strandbakken, professor i jus ved Universitetet i Bergen

Astrid Marie Jorde Sandsør, forskar ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, med ei bistilling ved NIFU

Marit Reitan, prorektor for utdanning ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Nina Ellingsen Høiskar, fylkesdirektør for utdanning og kompetanse i Nordland fylkeskommune

Gard Tekrø Rolid, rektor ved Fagskolen Innlandet

Morten Wolden, kommunedirektør i Trondheim kommune

Terje Mørland, avdelingsdirektør for utdanningstenester i Unit

Hege Nilssen, direktør i Utdanningsdirektoratet

Kristin Schultz, Elevorganisasjonen

Joachim Børlie, Norsk studentorganisasjon