Utvalde kulturlandskap i jordbruket - Engan-Ørnes og Kjelvik i Nordland

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket (UKL) er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Norge. I sommar presenterer vi ein serie artiklar om desse viktige landskapa.

Engan-Ørnes er ei bygd i Sørfold kommune i Nordland. Den ligg på nordsida og innerst i Leirfjorden. Bygda representerer eit typisk nordlandsk fjordlandskap med bratte bakkar, kupert terreng og stor variasjon i kor djup jorda er. Heile området har ei lang og fleirkulturell historie, representativ for busetting og næringsliv i fjordbygdene i Nordland. Det er i dag to aktive gardsbruk med sauedrift, eitt på Engan og eitt på Ørnes.

Utsyn mot Ørnesmoen. Fjordlandskapet i Engan og Ørnes holdes åpent gjennom beiting, slått og ryddig av gjengroingsmark.
Grendene Engan og Ørnes ved Leirfjorden utgjer eit typisk nordlandsk, sterkt kupert fjordlandskap - truleg eit av dei største og mest intakte i fylket. I kvar grend er det i dag eitt aktivt gardsbruk med sauedrift. Foto: Oskar Puschmann, NIBIO

– Dette er jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar. Å ta vare på vår natur- og kulturarv krev eit aktivt jordbruk, lokalt engasjement og statleg innsats. Desse Utvalde landskapa i Nordland vert teke vare på gjennom beiting, slått og rydding av gjengroingsmark, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Husmannsplassen Kjelvik på sørsida av fjorden er eit godt bevart kulturmiljø med ei rekkje freda bygningar. På tunet finn ein smie, eldhus, fjøs, våningshus, gardskvern, jordkjellar og fleire andre uthus. Husmannsplassen fungerer som ein levande formidlar av kulturhistorie trass i at den er fråflytta. Her var det samisk busetting fram til 1967. I dag eig kommunen tunet, Sørfold lokalhistorielag eig husa, medan Nordlandsmuseet driv garden, som er ope for publikum om sommaren. Annakvart år blir Kjelvikspelet framført av profesjonelle og amatørar, dei fleste frå Sørfold. Spelet har ulike oppsettingar, men alltid Kjelvikgarden og landskapet som scenografi og ramme for handlinga.

– I desse landskapa takast dei kulturhistoriske og biologiske verdiane ekstra godt i vare, gjennom vedlikehald, skjøtsel og bruk. Det bidreg til å sikre kulturmiljø og opplevingar for dei i nærområdet, og dei som kjem på besøk. Det medverkar og til å styrke naturmangfaldet, til dømes ved å sikre gode leveområde for pollinerande insekt og redusere negativ påverknad, som attgroing og framande artar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Det har skjedd mykje i området etter at Engan-Ørnes og Kjelvik i 2009 fekk status som utvald kulturlandskap i jordbruket. Ikkje minst når det gjeld å styrkje det eksisterande jordbruket, restaurere bygningar og gamal kulturmark, og leggje til rette for ferdsel og formidling.

Kvar sommar arrangerer Ungdomslaget Heim Engandagan med slåttedag. Utgangspunktet for ungdomslaget sine aktivitetar er den gamle skolen på Engan. Ved hjelp av mellom anna UKL-midlar er bygningen restaurert og er no grendehus og informasjonssenter for UKL-området.

Husmannsplassen Kjelvik
Dei siste som budde på husmannsplassen Kjelvik var etterkommarar etter reindriftssamar. I 1983 var uthusa under restaurering. Plassen står no som han gjorde då den siste bebuaren gjekk bort i 1967. Øvste: 1983, Nederste: 2013. Foto: Øvste: Maja Zachariassen. Nederste: Oskar Puschmann,NIBIO

Aktiv kommune

Sørfold kommune har vore aktiv med alt frå då UKL-området blei etablert. Eitt av de siste tiltaka som kommunen har følgd opp, har vore etablering av ein ny og grusa veg til Kjelvikgarden. Den gjer det lettare å ta seg fram for eldre og funksjonshemma, og sparer innmarka. I Kjelvika er Nordlandsmuseet snart i gang med å gjenreise eit gamalt steinnaust og ein garnhjell som har stått ved sjøen. Desse bygningane vil bli brukt i formidlinga av livet til folket på fjellgarden Kjelvik og den nære tilknytinga til sjøen og til Engan-Ørnes.

Den viktigaste jobben i UKL-området er det likevel de to gardane som står for. Gjennom sin matproduksjon fører dei vidare drifta på dei mange og små teigane, og ryddar fram og vedlikeheld gamal kulturmark på Engan, Ørnes og i Kjelvika.

Sjølv om det i dag er berre to gardar i drift i området, er det likevel optimisme for framtida. På Engan har den yngre generasjonen nyleg teke over drifta av garden, og ønskjer å ta vare på og utvikle miljøverdiane vidare.

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket

Levande jordbruk over heile landet gir Noreg verdifulle og innhaldsrike kulturlandskap. De utvalde kulturlandskapsområda viser mangfaldet av og særpreget til ulike typar jordbrukslandskap i landet vårt. Det er i dag 46 områder som er vald ut som Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kvart område har sitt særeigne landskap. Folka som lever her tar vare på naturmangfald, kulturarv  og jordbruksdrift gjennom aktiv skjøtsel og bruksmåtar i vår tids bygdeliv.