Presseinformasjon

Utviklingsminister Tvinnereim til Berlin på møte om sult

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er fredag invitert til Berlin for å delta på den internasjonale konferansen Uniting for Global Food Security.

Konferansen skal gi innspill til G7-toppmøtet til helgen. Norge er eit av landa som er invitert saman med mellom andre representantar frå G7-landa, FN-sjef Antonio Guterres si kriseresponsgruppe for mattryggleik, dei mest berørte utviklingslanda og dei frivillige organisasjonane.

Pressekontakt: Jens Christian Boysen, jens.christian.boysen@mfa.no,
T: 94 98 20 99