Noreg har eit langsiktig samarbeid med Colombia om mellom anna fred, menneskerettar og bevaring av regnskog. Noreg er garantistland for fredsavtalen mellom FARC og den colombianske regjeringa frå 2016. Dette er det første politiske besøket frå Noreg til Colombia sidan landet fekk ny regjering i haust.

På reisa skal Aukrust møte medlemmer av den nye regjeringa og representantar for sivilsamfunnsorganisasjonar og FN-organisasjonar.

– Noreg har eit langsiktig engasjement for fred i Colombia, som vi står fast ved. Det same gjeld Noregs klima- og skoginnsats i landet. Innsatsen vår for fred og for regnskogen heng dessutan tett saman, fordi kampen om territoria òg er ein kamp om naturressursane. Dei viktigaste partnarane våre er menneska som kvar dag arbeider for fred, menneskerettane, demokrati og framtida til regnskogen, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.

Under besøket reiser Aukrust til Quibdó i Chocó, eit av områda som vart ramma av det kraftige jordskjelvet 10. august. Der skal han mellom anna sjå på jordskjelvresponsen til Flyktninghjelpen og Raude Kross. Noreg bidrog med rundt 21 millionar norske kroner til den akutte humanitære responsen etter jordskjelvet.

2 000 deltakarar frå 135 land på antikorrupsjonskonferanse

I Den dominikanske republikken skal utviklingsministeren delta på International Anti-Corruption Conference (IACC). Konferansen er venta å samle rundt 2 000 deltakarar frå om lag 135 land.

Aukrust skal halde innlegg om internasjonalt antikorrupsjonsarbeid og leie eit høgnivåarrangement om openheit og integritet i politisk finansiering, og dessutan møte norske og internasjonale antikorrupsjonspartnarar.

– Korrupsjon stel ressursar frå fellesskapet, svekkjer demokratiet og gjer kampen mot fattigdom vanskelegare. Difor er kampen mot korrupsjon ein viktig del av norsk utviklingspolitikk, seier Aukrust.

For meir informasjon om reisa eller intervjuavtalar, kontakt kommunikasjonsrådgivar Thea Finstad, tlf. 975 40 790 (med på reisa).