Presseinformasjon:
Utviklingsministeren til Sør-Afrika og Namibia
Pressemelding | Dato: 02.11.2026 | Utanriksdepartementet
Jobbskaping blir eit hovudtema når utviklingsminister Åsmund Aukrust besøkjer Sør-Afrika og Namibia 9.–11. november.
– Å ha ein jobb å gå til og ei løn å leve av er ein heilt sentral nøkkel til å løyse fattigdomskrisa i verda. Difor har Arbeidarparti-regjeringa sett arbeid til alle som jobb nummer éin i utviklingspolitikken. Eitt av dei viktigaste verktøya våre er Statens investeringsfond for utviklingsland, Norfund. Eg gler meg til å besøkje fleire av selskapa dei har investert i i Sør-Afrika, og lære meir om kva forskjell det har gjort i livet til folk, seier Åsmund Aukrust.
I Sør-Afrika arbeider 72 400 personar i selskapa Norfund har investert i, og selskapa betalte totalt 2,8 milliardar kroner i skattar og avgifter i 2025. Det er anslått at framveksande økonomiar vil trenge rundt 800 millionar nye jobbar innan 2040.
I tillegg til fleire bedriftsbesøk vil utviklingsministeren møte ungdommar og unge vaksne.
– Eg ønskjer å høyre kva dei som er unge no, er opptekne av og uroa for, og kva slags framtid dei ønskjer seg. Dette er òg dei som skal ta avgjerder i framtida, dei som Noreg skal samarbeide med om nokre tiår, og då må vi starte dialogen allereie no, understrekar Aukrust.
Sør-Afrika er eit land som er spesielt sårbart for klimaendringar, mellom anna på grunn av stor vassmangel og sårbare økosystem. Samtidig er landet sterkt avhengig av kolkraft, noko som gjer energiomstillinga både viktig og krevjande. Korleis Noreg bidreg til energiomstilling og klimatilpassing, vil òg vere eit sentralt tema for reisa. Til dømes spelar norske selskap og Norfund ei viktig rolle i utviklinga og utbygginga av fornybar energi i landet.
For meir informasjon om reisa eller intervjuavtalar, kontakt:
Kommunikasjonssjef Helene Sandbu Ryeng. Mob.: +47 99 40 67 30 helene.sandbu.ryeng@mfa.no (med på reisa).