Investeringsproposisjonen:

Våpen må vera tilpassa Forsvaret si nytte

Regjeringa foreslår at Forsvaret får kjøpe nye hand- og avdelingsvåpen. Dersom Stortinget gjer si tilslutning, skal Forsvaret få nye våpen for i underkant av 600 millionar kroner.

– Forsvaret må ha våpen som er i tråd med dagens og morgondagens krav til stridsevne. Vi har gjennomført ei rekke fornyingar allereie, men vi ser at vi særleg treng å byta ut mitraljøser, middelstunge maskingevær og øvingssystemet til rekylfri kanonar fordi det er av gammal type, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Testar har vist at dagens samansetning av våpen er god, difor er regjeringas tilråding å kjøpe meir av det Forsvaret har, og ikkje nye typar våpen.

Dersom Stortinget sluttar seg til dette, vil anskaffinga bli gjort i samsvar med «Forskrift om forsvars- og sikkerhetsanskaffelser» (FOSA), og det kan vera aktuelt å inngå industrielt samarbeid med leverandører utanfor EØS-området. Leveransar er planlagd innan 2025.