Historisk arkiv

Vil auke fisket etter reker i Barentshavet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Departementet har i dag sendt ut ei høyring om alternative tiltak som kan bidra til å nå målsettinga om meir rekefiske i Barentshavet.

- Manglande lønsemd for rekeflåten er ei stor utfordring. Vi ynskjer å sjå på tiltak som kan sikre meir rekefiske i Barentshavet, og dermed meir råstoff til nordnorsk rekeindustri. Det er biologisk forsvarleg med ein markant auke i aktiviteten i dette fisket, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Departementet inviterer høyringsinstansane og andre til å uttale seg om dei alternative tiltaka som er skisserte i høyringsbrevet. Det er i dag eit krav om reketrålløyve for å drive fiske etter reker i Barentshavet for fartøy over 19,81 meter. Dei alternative tiltaka er å trekkje tilbake passive reketrålløyve, heve lengdegrensa for krav om løyve, oppheve lengdegrensa og dermed kravet om løyve, eller oppheve lengdegrensa og kravet om løyve og i tillegg gjere ei samla tilbaketrekking av alle reketrålløyve.

- Når tildelte reketrålløyve over tid ikkje vert nytta i særleg grad, så fell grunngjevinga for gjeldande ordning med reketrålløyve bort. Det er derfor naturleg å vurdere å oppheve slike reguleringar som ikkje har særleg funksjon og i tillegg hindrar nye aktørar å etablere seg i fisket, seier Sandberg.