Historisk arkiv

Ny tiltaksplan for ville pollinerande insekt:

Regjeringa vil betre levevilkåra for bier og humler

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Bier, humler og andre pollinerande insekt er heilt avgjerande for tilstanden i økosystema på land og for oss menneske. I mange land har spesielt ville pollinerande insekt hatt ein alvorleg tilbakegang dei siste åra. Regjeringa legg i dag fram ein tiltaksplan for ville pollinerande insekt for å betre situasjonen i Noreg.

Tiltaka som regjeringa legg fram skal betre kunnskapen om og tilstanden for dei pollinerande insekta, som treng meir og betre leveområde, som blomerik eng.

Humle på blome på Damplass i Oslo
Ville pollinerande insekt, som humler, er livsviktige for menneska. Difor legg regjeringa fram en tiltaksplan for å sikre at dei ikkje går tilbake i antal. Foto: Snorre Tønset/KLD

 

-Planen vi no legg fram beskriv status for ei rekke tiltak som allereie er i gong samt 24 nye tiltak i regi av statlege sektorar. Planen viser korleis statlege sektorar tar ytterlegare grep for å betre høva for pollinerande insekt gjennom konkrete tiltak, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Regjeringa skal styrke kartlegging av areal viktig for pollinerande insekt. Omsynet til ville pollinerande insekt skal styrkast i kommunal forvaltning, og nokon kommunar som ønsker det skal bli føregangskommunar for tiltak dei kan gjere for pollinerande insekt. Eit tiltak skal sjå på korleis nasjonale styringsverktøy kan nyttast og styrkast for å redusere tapet av leveområde for pollinerande insekt. For å kunne seie kor utviklinga går i Noreg har Klima- og miljødepartementet også starta eit overvakingsprogram for ville pollinerande insekt.

Tiltaksplanen som regjeringa legg fram i dag er ei oppfølging av den nasjonale pollinatorstrategien frå 2018. Sidan 2018 er det mellom anna oppretta ei tilskotsordning for pollinatortiltak, igangsett eit nasjonalt overvakingsprogram for ville pollinerande insekt og ei tilskotsordning til blomestriper i jordbruket.

- Stadig fleire norske bønder sår til og skjøtter blomsterstriper langs jordene sine. I løpet av sommaren er vi oppe i nærare 4000 blomstrande kilometer til glede for både insekt og folk. Vi aukar og tilgangen til norske blomsterfø, slik at vi kan gjenskape dei ekte norske blomsterengane, seir landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Tiltaksplanen omfattar ikkje berre miljø- og landbrukssektorane, men også olje- og energisektoren, samferdselssektoren, forsvarssektoren og kommunal sektor, og tar slik ein heilskapleg tilnærming til utfordringane.