Vil endre forskrifter for å få oversikt over private helsetenester

– Vi treng oversikt over helsetenester som er tilgjengelege, slik at vi kan treffe gode val om arbeidsdeling mellom offentlege og private aktørar. Dette bidrar til å sikre berekrafta i vår felles helseteneste, og derfor føreslår vi å endre to forskrifter for å vareta dette, fortel helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

I samband med dette føreslår regjeringa å inkludere aktivitet frå privatfinansierte spesialisthelsetenester i Norsk pasientregister (NPR) og privatfinansierte helse- og omsorgstenester i kommunalt pasient- og brukarregister (KPR).

Forslaget endrar NPR-forskrifta (lovdata.no) § 1-5 og KPR-forskrifta (lovdata.no) § 3-1, og betyr at privatfinansierte helse- og omsorgstenester skal melde same aktivitet til NPR og KPR som dei offentlege aktørane.

Forslaget er ei oppfølging av Nasjonal helse- og samhandlingsplan, og er no sendt på høyring med frist 5. juni.

Vil sikre god arbeidsdeling mellom helsetenester

– Vårt mål er å sikre at vår felles helseteneste er tilgjengeleg når ein treng det, fortel Kjerkol.

– For å sikre dette er det nødvendig med ei oversikt over alle helse- og omsorgstenester som blir tilbydd og brukt, både privat og offentleg. Utan ei oversikt over aktivitet i privatfinansiert helse- og omsorgsteneste er det vanskeleg å treffe gode val om korleis arbeidsdelinga mellom offentlege og privatfinansierte tenester bør være.

Kjerkol viser til at Helsepersonellkommisjonen si NOU i fjor gjorde greie for den framtidige mangelen på personell i helse- og omsorgstenestene, og ulike tiltak for å bøte på denne situasjonen.

Om arbeidsdeling i Helsepersonellkommisjonen si NOU

I NOU-en heiter det at det «er behov for å se på en mer hensiktsmessig arbeidsdeling mellom de ulike yrkesgruppene innenfor helsevesenet. Både for en mer effektiv utnyttelse av tiden- og for å sikre at kompetansen til ulike yrkesgrupper blir mest mulig hensiktsmessig.

Dette kan i sin tur også sikre en mer meningsfylt arbeidsdag for den enkelte, og dermed kanskje også bidra til å beholde kvalifisert personell.

Dette gjelder både mellom ulike yrkesgrupper og profesjonsgrupper, tverrfaglig og tverrprofesjonelt og mellom ulike nivåer, inkl fagskole.»

Aktivitetsdata frå dei private

Regjeringa legg no opp til å inkludere aktivitetsdata frå privatfinansierte helse- og omsorgstenester i dei sentrale helseregistra som NPR og KPR. 

Aktivitetsdata vil her seie kva befolkninga sitt faktiske forbruk av private helse- og omsorgstenester inkluderer – det være seg fysikalske tenester, kirurgi, tenester innan psykisk helse osb.

– Dette vil også gi eit meir komplett bilde av befolkninga si helse, og betre grunnlag for planlegging, styring, finansiering og evaluering av tenestene. I tillegg bidrar det til gode helseanalysar, forbetringsarbeid og forsking, seier Kjerkol.

Føreslår endring i pasientjournalforskrifta

Helse- og omsorgsdepartementet føreslår også ei endring i forskrift om pasientjournal (pasientjournalforskrifta) § 17.

I forslaget blir det stilt krav til format ved avlevering av pasientjournalar til Norsk helsearkiv ved opphøyr eller overdraging av verksemd.

Forslaget har bakgrunn i at enkelte av journalsystema ikkje har funksjonalitet for å generere PDF av pasientjournalar, og at dei fleste ikkje har funksjonalitet for å kunne sende alle journalar samla som PDF over til Norsk helsearkiv.