Endringer i introduksjonsloven

Vil lovfeste norskopplæring i mottak

Regjeringa legg i dag fram det første lovforslaget i den varsla integreringsreforma. – Nøkkelen til ei betre integrering er godt språk og god kjennskap til det norske samfunnet, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Med endringane sikrar regjeringa betre språkopplæring, samt opplæring i norsk kultur og norske verdiar. Opplæringa skal givast til alle asylsøkarar i mottak, og kommunane får plikt til å sørge for gjennomføringa. Dette inneber at alle vil komme raskt i gang med naudsynt opplæring.

- No startar integreringsløftet for alvor. Regjeringa vil sikre at alle får betre opplæring, og at innvandrarar med fluktbakgrunn skal komme raskare i jobb eller utdanning. Vi treng betre resultat, og har tydelege forventningar, seier Sanner.

I dag er norskopplæring i asylmottak ei frivillig ordning. Lovendringane skal bidra til at alle asylsøkarar kjem tidleg i gang med opplæring i norsk. Asylsøkarar skal også raskt få grunnleggande kunnskap om det norske samfunnet og verdiane det bygger på. Lova slår i tillegg fast at arbeids- og utdanningsretta tiltak alltid skal inngå i programmet.

Endringar i føresegna om behandling av personopplysningar blir også lagt fram. Omsynet til den enkeltes personvern og krava som følger av EUs nye personvernforordning er ivaretatt.

Til toppen