Historisk arkiv

Vil sikre truga natur betre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Naturen er under press. Klima- og miljødepartementet vurderer no tiltak for å ta betre vare på to sterkt truga naturtypar og ein sterkt truga art.

Klima- og miljødepartementet har i dag sendt på høyring forslag om elfenbenslav som ny prioritert art. Vi ber òg om innspel på olivinskog og open grunnlendt kalkmark som to nye utvalde naturtypar.

- Tap av natur er ei like stor utfordring som klimaendringar, både globalt og i Noreg. Sjølv om ikkje alle har høyrt om elfenbenslav, olivinskog og open grunnlendt kalkmark, er alle desse døme på sterkt truga natur i Noreg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Olivinskog
Olivinskog vert kjenneteikna ved at den finnast på olivinstein og opptrer stort sett som olivinfuruskog. Her lever eit spesielt mangfald artar, og naturtypa er sterkt truga. Vi finn denne naturtypen først og fremst i eit område mellom Sunnmøre og Nordfjord. Her frå ein rik olivinfuruskog i Bjørkedalen, Møre og Romsdal. Foto: Tor Erik Brandrud, Norsk institutt for naturforskning

Elfenbenslav som prioritert art

Elfenbenslav er ein ansvarsart for Noreg. Det betyr at vi har meir enn ein fjerdedel av den europeiske bestanden. I Noreg finn vi den først og fremst i Gudbrandsdalen og Valdres.

- Artar og naturtypar skal ikkje forsvinne frå norsk natur som følgje av menneskelege aktivitetar. Elfenbenslav er ein art vi ser er utsett for ulike inngrep i naturen. Eg meiner difor det er viktig å vurdere om denne arten skal få status som prioritert art, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Tidlegare har vi ved forskrift prioritert 13 artar i Noreg. Så langt er enno ikkje ein lav-art peika ut som prioritert art.

Elfenbenslav
Elfenbenslav er ein ansvarsart for Noreg og er sterkt truga. Foto: Sigve Reiso


Naturtypane olivinskog og open grunnlendt kalkmark

Olivinskog vert kjenneteikna ved at den finnst på olivinstein og opptrer stort sett som olivinfuruskog. Her lever eit spesielt mangfald artar. Vi finn denne naturtypen først og fremst i eit område mellom Sunnmøre og Nordfjord.

Open grunnlendt kalkmark finn vi særleg rundt Oslofjorden. Svært mange artar trivst i slike lyse og kalkrike område, og dette er ein "hotspot" for truga artar. Dette er også ofte leveområde for blomsten dragehode, ein av dei 13 artane som alt er prioritert.

- Både olivinskog og open kalkmark skil seg ut når vi ser nærare på naturmangfaldet. I olivinskog finn vi ofte eit helt spesielt utval artar, mange av dei truga. Open grunnlendt kalkmark er på si side mellom dei mest artsrike naturtypane i Noreg. Dette er naturtypar vi heilt enkelt må ta vare på, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Tidlegare har vi valt ut seks naturtypar som det skal tas særskilde omsyn til, jf. forskrift om utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova.

 

Kva betyr prioritert art og utvald naturtype?

Ved å prioritere artar er det fast praksis å fastsetje eit forbod mot alt uttak, skade eller øydelegging av arten. Vi kan òg lage reglar for kva som er lov og ikkje lov i dei viktigaste leveområda til arten, såkalla økologisk funksjonsområde.

Ordninga med utvalde naturtypar inneber at nokre naturtypar får ein status som viktigare enn andre naturtypar, og at disse naturtypane skal forvaltast likt, uavhengig av kven som påverkar naturtypen. Alle skal ta særskilde omsyn til denne naturen når dei driv med arealplanlegging eller anna forvaltning. Når ein naturtype vert utvald inneber ikkje dette eit absolutt vern med forbod mot øydelegging, men offentlege styresmakter skal ta særskilt omsyn til naturtypen ved utøving av myndigheit.

Åpen grunnlendt kalkmark
Åpen grunnlendt kalkmark. Frå Geiterholmen i Langesundsfjorden Foto: Sigve Reiso