Statsbudsjettet 2019

Vil styrkje likestillinga i arbeidslivet

Regjeringa føreslår å styrkje arbeidet for eit meir likestilt arbeidsliv med 5 millionar kroner.

- Vi har eit kjønnsdelt arbeidsliv og framleis er det få kvinner i toppen av norsk næringsliv. For å styrkje berekrafta til velferdssamfunnet må fleire kvinner og menn ta utradisjonelle utdannings- og yrkesval. Derfor vil vi styrkje innsatsen på dette feltet, seier likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Kjønnstradisjonelle yrkes- og utdanningsval

Det er særlig behov for fleire menn i lærar- og omsorgsyrka og fleire kvinner i teknologiyrka.

- Vi treng å rekruttere fleire menn til grunnskule- og barnehagelærarutdanninga og til utdanning i helse- og omsorgssektoren.  Vi føreslår derfor 2 millionar kroner til tiltak som skal bidra til jamnare kjønnsbalanse i utdanningsløpa, seier likestillingsministeren.

Barne- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet skal samarbeide om å utvikle tiltaka.

Regjeringa ynskjer også for fjerde år på rad å støtte opp om NHO sitt prosjekt Jenter og teknologi. For neste år føreslår regjeringa å auke støtta med 1 million kroner til 3,5 millionar kroner. 

- Gjennom Jenter og teknologi har fleire tusen ungdomsskulejenter møtt kvinnelege rollemodellar og lært meir om kva det vil seie å jobbe med teknologi. Vi treng fleire teknologar. For å få den beste kompetansen er det viktig at fleire jenter vel teknologiske fag, seier Helleland.

Det er ei svak, positiv utvikling i talet på kvinner som vel teknologifag, men det er framleis behov for ein sterkare innsats.

Kvinner på toppen i næringslivet

Blant dei 200 største selskapa i Noreg er 9 av 10 administrerande direktørar menn. I toppleiargruppene er det berre 22 prosent kvinner.

- Vi treng fleire kvinnelige leiarar og rollemodellar i næringslivet. Dei viktigaste økonomiske avgjerslene vert tatt i topposisjonane, og der må kvinner også vere med. Det er berekraftig både for samfunnet og for næringslivet, seier likestillingsministeren.

Regjeringa føreslår 2 millionar kroner til tiltak som kan bidra til å auke talet på kvinnelege toppleiarar i næringslivet. Tiltaket skal utviklast i samarbeid mellom Barne- og likestillingsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.

 

Til toppen