Historisk arkiv

Vindkraft til havs: Høyring av område og forskrift

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet sender i dag på høyring forslag til å opne havområda Utsira Nord og Sandskallen-Sørøya nord for fornybar energiproduksjon. Departementet ber også om innspel til området Sørlige Nordsjø II.

- Vindkraft til havs byr på store mulegheiter for norske verksemder. I fyrste omgang vil marknaden vere internasjonal, men dersom kostnadane for vindkraft til havs held fram med å falle kan dette også bli aktuelt i Noreg. No er tida inne for å legge til rette ved å opne område for fornybar energi til havs, seier olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg.

Etter havenergilova må område opnast av Kongen før det kan søkast om konsesjon til produksjon av fornybar kraft til havs.

Utsira Nord ligg vest av Utsira og Haugalandet, og eignar seg for flytande vindkraft. Området er stort, ligg nært land, og legg dermed til rette for både demonstrasjonsprosjekt og større prosjekt. Storleiken på Utsira Nord gjer det også muleg å tilpasse seg andre interesser i konsesjonsprosessen. Departementet føreslår å opne dette området for å legge til rette for slik teknologi.

Kart over Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord.
Kart over Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord. Foto: OED

Sandskallen – Sørøya Nord ligg nordvest av Hammerfest og har både grunne og nokre djupare område. Både flytande og botnfast teknologi er muleg her. Som Utsira Nord ligg Sandskallen-Sørøya Nord nokså nært land, noko som gjer områda meir aktuelle for mindre utbyggingar, til dømes demonstrasjonsprosjekt.

Kart over Sandskallen - Sørøya Nord.
Kart over Sandskallen - Sørøya Nord. Foto: OED

Sørlige Nordsjø II ligg langt frå land og grensar mot dansk økonomisk sone søraust i Nordsjøen, noko som kan gjere det aktuelt med tilknyting til kraftsystemet på kontinentet. Området har djupner som gjer det muleg å utvikle botnfast vindkraft der, men det er også muleg med flytande vindkraft. Sørlige Nordsjø II ligg i område med petroleumsverksemd.

- Eg er oppteken av å sikre verdiskaping i havområda våre. Difor ber eg om innspel på om Sørlige Nordsjø II bør opnast og i tilfelle korleis vi best kan legge til rette for produksjon av fornybar energi og petroleumsverksemd i same område, seier Freiberg.

Departementet føreslår også ei forskrift som utdjupar havenergilova og mellom anna klargjer konsesjonsprosessen. Dei som har meiningar om departementet sitt forslag må sende inn innspel innan 1. november.

Gå til høringssiden.