Ynskjer innspel til arbeid med skogstrategiar

Regjeringa skal utarbeide to strategiar knytt til skog- og trenæringa. Ein strategi for stimulering av etterspurnaden etter grøne trebaserte produkt, og ein strategi for auka forsking, utvikling og innovasjon i skog- og trenæringa. Landbruks- og matdepartementet opnar for eksterne innspel til arbeidet med skogstrategiane.

Grøn konkurransekraft og god måloppnåing i klimaarbeidet krev omstilling og innovasjon. Noreg har gode føresetnadar for fortsatt berekraftig vekst og verdiskaping innan sektorar som baserar seg på fornybare biologiske ressursar, som skog- og trenæringa. Utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar står sentralt for at skognæringa kan ta ut sitt potensial for industriell vekst innanfor bioøkonomien. Samtidig vil rammene for innretninga av produksjonen dels liggje i etterspurnaden i marknaden og dels i dei rammer og føresetnadar offentlege reguleringar og tiltak inneber. 

Regjeringa skal utarbeide to strategiar knytt til skog- og trenæringa.
Regjeringa skal utarbeide to strategiar knytt til skog- og trenæringa. Foto: Espen Bratlie/Samfoto/NTB Scanpix.

Landbruks- og matdepartementet opnar for eksterne innspel til arbeidet med skogstrategiane, med vekt på følgjande problemstillingar:   

  1. Kva er dei viktigaste hindringane for grøne trebaserte produkt i dagens marknad?
  2. Kva er dei viktigaste tiltaka for å stimulere etterspurnaden etter slike produkt?
  3. Kva kan næringsaktørane sjølv gjere innanfor dagens rammevilkår?
  4. Kva er dei viktigaste utfordringane og tiltak for auka FoUI-innsats i næringa?
  5. Kva er dei viktigaste kunnskapsbehova for å utløyse næringa sitt potensial i bioøkonomien?
  6. Korleis kan ein legge til rette for at ny kunnskap og teknologi blir teke i bruk i næringa? 

Innspela bør vere så konkrete som råd og på maksimalt to A4-sider. 

Frist for innspel er 7. februar 2018 til postmottak@lmd.dep.no

Kontaktperson knytt til treproduktstrategi er
Arne.Sandnes@lmd.dep.no.
Kontaktperson knytt til FoUI-strategi er
Gunn-Cecilie-Timberlid.Hundere@lmd.dep.no