Alle ledige stillingar blir publiserte på Jobbnorge (jobbnorge.no). Vi annonserer alle utlysingar på finn.no og på Linkedin-profilen vår. Ledige stillingar ligg ute i minst 14 dagar.

Vi får ofte mange søknader til stillingane våre. Vi oppmodar deg derfor til å fylle ut CV-en din i Jobbnorge-portalen i staden for å legge han ved som vedlegg.

I tillegg er det viktig at du bruker søknadsteksten til å skrive kva motivasjonen din for å søke stillinga er, og kvifor du meiner du er rett kandidat.

Vi oppmodar deg til å legge ved vitnemål og attestar. Du kan laste opp resultat frå høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no) til Jobbnorge.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulik livserfaring og ulike perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.

Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert for positiv særbehandling i desse gruppene, må søkarane sjølve krysse av for det og oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava på Arbeidsgivarportalen (dfo.no).

Vi oppmodar søkarar til å krysse av i Jobbnorge-portalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine.

Intervju blir gjennomførte kort tid etter at søknadsfristen har gått ute. Dersom du blir invitert til intervju, blir du kontakta via e-post eller telefon. Under sjølve intervjuet vil du få informasjon om den vidare rekrutteringsprosessen. Det blir normalt gjennomført både første- og andregongsintervju.

Intervju blir gjennomførte på ulike måtar. Det blir ofte brukt ei munnleg eller skriftleg, fagleg relevant oppgåve som ein del av rekrutteringsprosessen. Det varierer kvar i prosessen ei slik oppgåve blir gitt, men alle kandidatane får beskjed på førehand og like lang tid til eventuelle førebuingar.

Av og til blir det også brukt evnetest eller personlegdomstest. Vi bruker personlegdomstesten MAP, som bygger på den etablerte femfaktormodellen. Dei fem overordna faktorane som blir målte er målmedvit, emosjonell balanse, openheit, ekstroversjon og sosial stil.

Kandidatar som gjennomfører ein personlegdomstest, vil få tilbakemelding på testrapporten frå sertifiserte testarar. Vi bruker evnetesten Matrigma, som er ein problemløysingstest som måler generelt evnenivå.

I løpet av intervjurunden vil vi be deg om å oppgi referansar dersom det ikkje er gjort i søknaden. Vi avklarer med deg før vi eventuelt kontaktar referansane dine.

I Helse- og omsorgsdepartementet blir gradert informasjon behandla etter tryggingslova. Alle som blir tilsette i departementet, må kunne autoriserast for å få tilgang til informasjon gradert etter tryggingslova.

Derfor har vi følgjande krav i alle utlysningar: «Den som blir tilsett, må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert BEGRENSET eller høgare etter tryggingslova».

For at autorisasjon skal kunne givast, må vedkommande vurderast som tryggingsmessig skikka. For å vurdere om ein person er tryggingsmessig skikka, blir det gjennomført ein autorisasjonssamtale der det blir lagt vekt på forhold som er relevante for personen si pålitelegheit, lojalitet og dømmekraft i samband med behandling av gradert informasjon.

Autorisasjonssamtalane blir gjennomførte i tråd med verksemdstryggingsforskrifta § 68, jf. tryggingslova § 8-9.

Fleire stillingar i departementet krev at den som blir tilsett er tryggleiksklarert. I slike tilfelle vil dette gå fram av stillingsannonsen, saman med kva klareringsnivå som blir kravd. Klareringssaker blir behandla av Sivil klareringsmyndighet etter oppmoding frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Etter at intervju er gjennomførte og referansar er innhenta, blir det utarbeidd ei innstilling med ei grunngitt rangering av kandidatane som blir innstilte til stillinga.

Vedtak i tilsettingssaker blir gjorde skjer i Helse- og omsorgsdepartementet sitt innstillingsråd. Innstillingsrådet består av representantar frå leiinga og fagforeiningane.

Etter at innstillinga er vedtatt i innstillingsrådet, blir den aktuelle kandidaten kontakta. Kandidaten får eit tilbodsbrev med opplysningar om lønn og andre tilsettingsvilkår.

Vi ønsker normalt svar på tilbodet i løpet av 5 kalenderdagar. Alle andre søkarar vil få tilsendt ein e-post om utfallet av rekrutteringsprosessen.

Som søkar har du, på førespurnad, krav på å få tilsendt utvida søkarliste med opplysningar om søkarane sitt namn, alder, utdanning og praksis.

Vi gjer merksam på at opplysningar om ein søkar kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren ber om ikkje å bli ført opp på ei offentleg søkarliste. I så fall får du som søkjar beskjed om det. For øvrig viser vi nærare til reglane om partane sitt innsyn i tilsettingssaker i forvaltningslovforskrifta (lovdata).

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk i samarbeid med Semac. Det gjer oss tryggare på at vi rekrutterer rett kompetanse og bidrar til ei rettferdig vurdering av søkarar til stillingar.

Semac gjennomfører på våre vegner ein systematisk kjelde- og dokumentkontroll av opplysningar søkarar gir om utdanning og arbeidserfaring. Det blir ikkje innhenta informasjon utan samtykke frå kandidaten.

Som nytilsett i Helse- og omsorgsdepartementet er det mykje å lære. Du får ein fadder i avdelinga di, og tilbod om ulike introduksjonskurs. Tilboda består av interne samlingar, e-læringskurs og eksterne kurs.

Fellesnemnaren er at du får opplæring i eit sett av basiskunnskapar som er viktige for å kunne gjere ein god jobb i departementet og for å forstå den rolla du og departementet har. Deltakarane blir kjende med dei mest sentrale områda i departementet, og med ønskte verdiar og haldningar knytte til det å vere tilsett hjå oss.