NOREC

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (NOREC) har ansvaret for fleire typar sekonderingar, finansiert av utviklingsbudsjettet. Dei støttar såleis FN-praktikantar, FN-frivillige, juniorekspertar (JPO) og seniorekspertar (JPO). Desse stillingane blir kunngjorde for norske borgarar.

Sjå norec.no for meir informasjon.

NORCAP

Flyktninghjelpens beredskapsstyrkar (NORCAP) sender ut personell på oppdrag i samband med humanitære kriser.

Førespurnader: norcap@nrc.no. Nettside nrc.no/norcap

NORDEM

Norsk ressursbank for demokrati og menneskerettar (NORDEM) rekrutterer til stillingar med finansiering frå UD til ei rekkje organisasjonar.

Førespurnader til nordem@nrc.no, Nettside nrc.no/ordem

Utover ovannemnde sekonderer Noreg personell i fleire samanhengar og i regi av fleire departement.

Trainee-program

Desse blir ikkje finansierte direkte av Noreg, men gjennom bidraget vårt til medlemskontingent. Mellom anna: