Instruks om tolkinga av utlendingslova § 71 andre ledd tredje punktum – oppheving av innreiseforbod for faglærde i visse tilfelle

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Justis- og politidepartementet har sendt instruks til Utlendingsdirektoratet om oppheving av innreiseforbod for faglærde med eit utvisningsvedtak. Bakgrunnen for instruksen er at at innreiseforbodet i somme tilfelle er til hinder for at norske verksomder kan nyttiggjere seg kvalifisert utanlandsk arbeidskraft.

Utlendingsdirektoratet
Postboks 8108 Dep
0032 Oslo

 

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

GI-02/2011

201101161

31.03.2011

 

 

GI-02/2011 Instruks om tolkinga av utlendingslova § 71 andre ledd tredje punktum – oppheving av innreiseforbod for faglærde i visse tilfelle

 

1. Innleiing

Departementet viser til lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova) § 76 andre ledd, som inneber at departementet kan gje Utlendingsdirektoratet (UDI) generelle instruksar om lovtolking, skjønnsutøving og prioritering av saker.

Utlendingslova § 71 andre ledd slår fast at utvisning medfører varig eller tidsavgrensa innreiseforbod. Etter tredje punktum kan likevel innreiseforbod “etter søknad oppheves dersom nye omstendigheter tilsier det.”

Bakgrunnen for denne instruksen er at innreiseforbodet i somme tilfelle er til hinder for at norske verksemder kan nyttiggjere seg særskilt kvalifisert utanlandsk arbeidskraft. Departementet instruerer difor om ei lovtolking som vil bidra til å motverke at slike tilfelle oppstår.

 

2. Verkeområdet

Instruksen gjeld personar som

a) kom til Noreg som asylsøkjar,
b) er utvist på grunn av brot på utlendingslova, og
c) fyller vilkåra for opphaldsløyve etter utlendingsforskrifta § 6-1.

Alle vilkåra i bokstav a til c må vere oppfylt for at personen skal vere omfatta av denne instruksen.

 

3. Instruks

Om person som nemnt ovanfor søkjer opphaldsløyve som faglærd på korrekt måte etter å ha returnert til heimlandet eller eit anna land kor vedkomande har lovleg opphald, skal UDI handsame søknaden som ein søknad om opphaldsløyve og oppheving av innreiseforbod.  

UDI skal realitetshandsame søknadene og vurdere om vedkomande fyller vilkåra i forskrifta § 6-1. 

Gitt at desse vilkåra er oppfylt, instruerast UDI med dette om å rekne det som “nye omstendigheter” etter utlendingslova § 71 andre ledd tredje punktum at det no er klarlagt at utlendingen fyller vilkåra for opphaldsløyve etter lova § 23 jf. forskrifta § 6-1. 

UDI instruerast vidare om å leggje betydeleg vekt på desse nye omstenda ved vurderinga av om innreiseforbodet skal opphevast i medhald av lova § 71 andre ledd tredje punktum. 

Dersom UDI vedtek å oppheve innreiseforbodet, vil UDI på vanleg måte kunne fatte vedtak om å innvilge opphaldsløyve etter lova § 23 jf. forskrifta § 6-1, utan ugrunna opphald. 

UDI kan oppheve eit innreiseforbod sjølv om klage over innreiseforbodet er til handsaming i Utlendingsnemnda (UNE).

 

Med helsing

 

  

Sissil Pettersen e.f.
fung. ekspedisjonssjef

 

                                                                                    Nina E. D. Mørk
                                                                                    fung. avdelingsdirektør

 

 

Kopi:
Utlendingsnemnda
Utanriksdepartementet
Arbeidsdepartementet
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Politidirektoratet
Politiets utlendingsenhet
NOAS