Rundskriv om konstituerande møte i kommunestyre og fylkesting – rettleiing om val til folkevalde organ med meir
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Rundskriv | Dato: 28.06.2019
Mottakar:
- Kommunane
- Fylkeskommunane
- Fylkesmennene
Nr: H-4/19
Status:
Ugyldig/oppheva
Kommunelova inneheld ei rekke føresegner om folkevalde organ og kva som skal skje i kommunen og fylkeskommunen etter val til nye kommunestyre og fylkesting. I denne rettleiaren forklarar departementet nærare om alle føresegn som gjeld valet av medlemer til ulike folkevalde organ og kven som kan veljast.