Godkjenning av sertifiseringsordninga RTRS EU RED

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd om fastslåing av at sertifiseringsordninga «Round Table on Responsible Soy EU RED» oppfyller berekraftskriteria under europaparlaments- og rådsdirektiva 2009/28/EF og 2009/30/EF.

Commission Implementing Decision on recognition of the "RTRS EU RED" voluntary scheme for demonstrating compliance with the sustainability criteria under Directives 98/70/EC and 2009/28/EC of the European Parliament and of the Council.

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 30.10.2017

Spesialutvalg: Miljø

Dato sist behandlet i spesialutvalg:

Hovedansvarlig(e) departement(er): Klima- og miljødepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg II. Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering

Kapittel i EØS-avtalen: XVII. Miljøvern

Status

Rettsakta blei publisert i eit EU-register 6.oktober 2017.

Rettsakta er under vurdering i EØS-/EFTA-statane.

Sammendrag av innhold

Biodrivstoff og flytande biobrensel som skal reknast med for å oppfylle krava om fornybardel i fornybardirektivet og kravet om redusert utslippsintensitet i drivstoff i drivstoffkvalitetsdirektivet, må oppfylle fastsette berekraftskriterium. Berekraftskriteria er likelydande i dei to direktiva og er tekne inn i norsk rett gjennom produktforskrifta kapittel 3.

Noreg har dessutan eit omsetjingskrav for biodrivstoff til vegtrafikk, fastsett i produktforskrifta kapittel 3. Berekraftskriteria gjeld også for biodrivstoff som skal reknast med for å oppfylle dette kravet.

Omsetjarane skal leggje fram revisorgodkjend dokumentasjon på at biodrivstoffet oppfyller berekraftskriteria. Som alternativ til dette kan det leggjast fram dokumentasjon på at biodrivstoffet er omfatta av ei godkjend frivillig sertifiseringsordning. Kommisjonen godkjenner dei frivillige sertifiseringsordningane gjennom gjennomføringsavgjerder, som det deretter må vurderast om skal takast inn i EØS-avtala.

Berekraftskriteria vart tekne inn i produktforskrifta 1. januar 2014. Kravet om å dokumentere oppfylte berekraftskriterium fekk dermed verknad i Noreg for omsett biodrivstoff frå og med 2014. Omsetjingstala for 2016 viser at frivillige sertifiseringsordningar vart nytta for om lag alt omsett biodrivstoff.

Merknader
Rettslige konsekvenser

Rettsakta må tilføyast i EØS-tilvisingane i produktforskrifta. Det trengst ikkje andre forskriftsendringar. Høyring er vurdert som openbart unødvendig.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei frivillige sertifiseringsordningane reduserer den administrative byrda for omsetjarane og Miljødirektoratet, som mottek rapporteringa på biodrivstoff.

Gjeldande praksis er imidlertid allereie at dei sertifiseringsordningane som er godkjende i EU, også blir rekna som godkjend dokumentasjon i Noreg på at berekraftskriteria er oppfylte. Gjennomføring av rettsakta blir dermed ikkje rekna å ha konsekvensar.

Sakkyndige instansers merknader

Rettsakta er behandla etter hurtigprosedyra.

Vurdering

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Basis rettsaktnr.:

Norsk regelverk

Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring: