Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Vidareføring av likeverdsvurdering for regelverk om kredittvurderingsbyrå i Japan

Kommisjonens gjennomføringsbeslutning (EU) 2019/1283 av 29. juli 2019 om anerkjennelse av Japans rettslige og tilsynsmessige rammer som likeverdige med kravene i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1060/2009 om kredittvurderingsbyråer

Commission Implementing Decision (EU) 2019/1283 of 29 July 2019 on the recognition of the legal and supervisory framework of Japan as equivalent to the requirements of Regulation (EC) No 1060/2009 of the European Parliament and of the Council on credit rating agencies

Sakstrinn

  1. Faktanotat
  2. Foreløpig posisjonsnotat
  3. Posisjonsnotat
  4. Gjennomføringsnotat

Opprettet 07.11.2019

Spesialutvalg: Kapitalbevegelser og finansielle tjenester

Dato sist behandlet i spesialutvalg: 18.11.2019

Hovedansvarlig(e) departement(er): Finansdepartementet

Vedlegg/protokoll i EØS-avtalen: Vedlegg IX. Finansielle tjenester

Kapittel i EØS-avtalen: III. Børs og verdipapirer

Status

Reglane har trådd i kraft i EU og i EØS, men har framleis ikkje trådd i kraft i norsk rett.

Samandrag av innhald

Vedtaket er ei vidareføring av likeverdsvurderinga i Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2010/578/EU som avgjorde at det rettslege og tilsynsmessige rammeverket for kredittvurderingsbyrå i Japan var samsvarande med krava som stillast i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1060/2009. Etter at forordning (EF) nr. 1060/2009 vart vedteken har det også vore innførd tilleggskrav i europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 462/2013. Kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2019/1283 gjer det klart at Japan også oppfyller dei nye krava i forordning (EU) nr. 462/2013.

Føremålet med denne likeverdsvurderinga er å gjere det mogleg for japanske kredittvurderingsbyrå som ikkje er systemviktige å søkje om sertifisering hjå Den europeiske verdipapir- og marknadsstyresmakta (ESMA).

Kommisjonens gjennomføringsavgjerd 2010/578/EU vert samstundes oppheva, då den ikkje fyller ei sjølvstendig rolle ut over det som også stadfestast i kommisjonens gjennomføringsavgjerd (EU) 2019/1283.

Merknadar
Rettslege konsekvensar

Vedtaket vil gjennomførast i norsk rett gjennom ei i forskrift med heimel i lov om kredittvurderingsbyråer. 

Økonomiske og administrative konsekvensar

Vedtaket får inga nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar for norske forhold.

Sakkyndige instansar sine merknadar

Rettsakta er vurdert av spesialutvalet for kapitalbevegelsar og finansielle tenester, der dei departementa som rettsakta er relevant for er representert. Spesialutvalet fant rettsakta EØS-relevant og akseptabel.

Vurdering

Kommisjonsvedtaket reknast som EØS-relevant og er akseptabelt.

Andre opplysninger

Nøkkelinformasjon

Institusjon: Kommisjonen
Type rettsakt: Vedtak/beslutning
KOM-nr.:
Rettsaktnr.: (EU) 2019/1283
Basis rettsaktnr.: (EF) nr. 1060/2009
Celexnr.: 32019D1283

EFTA-prosessen

Dato mottatt standardskjema: 01.10.2019
Frist returnering standardskjema: 01.10.2019
Dato returnert standardskjema:
EØS-relevant: Ja
Akseptabelt: Ja
Tekniske tilpasningstekster: Nei
Materielle tilpasningstekster: Nei
Art. 103-forbehold: Nei

Norsk regelverk

Endring av norsk regelverk: Ja
Høringsstart:
Høringsfrist:
Frist for gjennomføring:

Lenker

Til toppen