Innspill til Nasjonal helse- og samhandlingsplan

Regjeringa har starta arbeidet med Nasjonal helse- og samhandlingsplan. Planen skal fremmast for Stortinget og vil avløyse Nasjonal helse- og sjukehusplan 2020–2023.

Meldinga skal dekke både den kommunale helse- og omsorgstenesten og spesialisthelsetenesten. Samhandling for å skape gode pasientforløp og likeverdige tenester i heile landet vil vere eit sentralt tema.

Regjeringa har òg satt ned to utval som blir følgd opp i meldinga:

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol har sendt ut invitasjon til å kome med skriftlege innspel til meldinga.

Innspel til arbeidet med meldinga kan sendast til denne epost-adressa: nasjonalhelseogsamhandlingsplan@hod.dep.no 

Innspela blir publisert her på regjeringa.no.

Digitalisering

I nasjonal helse- og samhandlingsplan planlegg regjeringa å legge fram ei heilskapleg framstilling av e-helsepolitikken for dei neste fire åra. 

I den samanheng inviterer Helse- og omsorgsdepartementet til innspill om fire spørsmål innan 30. mars 2023.