Regionalt nordområdeforum

Regionalt nordområdeforum blei oppretta hausten 2016 for å styrkje den heilskaplege tilnærminga til nordområdepolitikken. Dei faste medlemmene av forumet er politisk leiing i Utanriksdepartementet (UD), Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), politisk leiing i dei to nordnorske fylka og Sametinget. Møta blir leidde av UD som koordinerande departement for nordområdepolitikken, KMD og NFD. Andre relevante departement og aktørar deltek avhengig av tema.

Regjeringa vil jobbe for ein ny giv i nordområdepolitikken som vil innebere ei kraftfull satsing på tvers av fleire sektorar. Dialog med fylkeskommunar og sentrale fagmiljø i nord er viktig for samordning av nasjonal og regional innsats i nordområdepolitikken og vil givast høg prioritet. Regjeringa vil føre vidare regionalt nordområdeforum som plattform for ein jamleg og framtidsretta debatt om overordna prioriteringar, retningar og mål for nordområdepolitikken.

Regionalt nordområdeforum er eit ikkje-besluttande organ for dialog og felles forståing av spørsmål som er særleg relevante for utviklinga i nord. Denne dialogen skal styrkje arbeidet med å vidareutvikle nordområdepolitikken og bidra til sterkare regional eigarskap til arbeidet.

Forumet møtest to gonger årleg i Nord-Noreg. Tema på dagsorden blir fastsett i dialog med dei faste medlemmene av forumet og varierer frå gong til gong. Fylkeskommunane og Sametinget har eit særleg ansvar for å informere om aktuelle moglegheiter og utfordringar i landsdelen som har relevans for vidareutviklinga av nordområdepolitikken til regjeringa. Vertskapsansvaret for møta rullerer mellom fylka og Sametinget som sjølv bestemmer møtestad. Sekretariat for regionalt nordområdeforum ligg i Vadsø.