Historisk arkiv

Rettsmekling blir utvida frå årsskiftet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Ordninga med rettsmekling blir utvida frå årsskiftet med seks nye domstolar. Desse er: Hedemarken tingrett, Kristiansand tingrett, Sunnmøre tingrett, Sarpsborg tingrett, Bergen tingrett og Midhordland tingrett. Ordninga vil etter dette omfatte 20 domstolar. Målet er eit smidig og tilpassa rettsvesen. (11.10.2002)

Pressemelding

Nr.: 90 - 2002
Dato: 11.10.2002

Rettsmekling blir utvida frå årsskiftet

Ordninga med rettsmekling blir utvida frå årsskiftet med seks nye domstolar. Desse er: Hedemarken tingrett, Kristiansand tingrett, Sunnmøre tingrett, Sarpsborg tingrett, Bergen tingrett og Midhordland tingrett. Ordninga vil etter dette omfatte 20 domstolar. Målet er eit smidig og tilpassa rettsvesen.

Alternativ løysing: Rettsmekling er ein alternativ metode for å løyse tvistar i sivile saker. Partane deltek aktivt for å finne ei løysing på tvisten og dommaren kan gå lenger i å søkje å forlike partane enn dommaren elles har høve til. Rettsmeklinga blir tilpassa kvar enkelt sak.

Ordninga med rettsmekling vart innført som eit forsøk i 1996. I påvente av ei eventuell permanent rettsmeklingsordning i ei ny tvistelov, blir forsøksordninga forlenga ut 2005 samtidig som dei seks nye domstolane blir trekte med.

Sivile saker kan bli avgjort raskare: I ei evaluering av forsøksordninga er det konkludert med at den i all hovudsak har fungert godt. Rettsmekling medverkar til at sivile saker kan bli avgjort raskare, at sakskostnadene kan bli lågare og at forholdet mellom partane kan betrast gjennom ein uformell prosess.

Ved rettsmekling kan ein søkje å byggje eit forlik på dei underliggjande interessene og behova som partane har, og som ikkje sjeldan er verkeleg årsak til konflikten. Ei løysing av konflikten i form av eit forlik vil lette eit framtidig samarbeid mellom partane.

Meir effektiv saksgang: Rettsmekling vil ofte vere ein fordel sjølv om ein ikkje oppnår semje og saka dermed må behandlast på vanleg måte for domstolen etterpå. Gjennomgangen vil effektivisere saksførebuinga og klargjere dei spørsmåla domstolen må ta stilling til.