Historisk arkiv

Utviklinga av nytt næringsliv utanfor byområda blir styrkt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 16.06.06

Pressemelding

Nr.: 57/2006
Dato: 16.06.06

Utviklinga av nytt næringsliv utanfor byområda blir styrkt

I den nye stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken presenterer regjeringa ei rekkje næringsretta tiltak som skal medverke til å styrkje utviklinga av nytt næringsliv utanfor dei største byområda.

- Regjeringa vil utnytte handlingsrommet for å føre ein aktiv næringsretta distrikts- og regionalpolitikk, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Regjeringa har oversendt for godkjenning til ESA forslag om at 24 nye kommunar skal kome inn i virkeområdet for distriktsretta investeringstøtte. Alt i budsjettet for 2006 styrkte regjeringa verkemidlane for regional utvikling til fylkeskommunane. Desse midlane blir fordelte vidare både til Innovasjon Noreg som gir slik støtte, og til kommunale næringsfond. Regjeringa har ambisjonar om å auke desse midlane ytterlegare. Fleire distriktsretta såkornfond er også under etablering.

Regjeringa vil vidareutvikle satsinga på Norwegian Centres of Expertice (NCE). Programmet skal ha eit tiårsperspektiv, og det er lagt opp til at 10-12 næringsmiljø frå heile landet kan bli tekne opp i programmet og få NCE-status. Regjeringa har også starta ein ny programperiode for næringshagane i regi av SIVA. Det er løyvd 32 mill. kr til denne satsinga i 2006. Det vil bli ei eiga gründersatsing på kvinner i næringshagane . Regjeringa har også styrkt løyvingane til Ungt entreprenørskap, og legg opp til at Innovasjon Noreg skal ha meir fokus på entreprenørskap blant kvinner og unge, slik at ressursane til desse gruppene kan bli tekne i bruk fullt ut.

Regjeringa vil føre ein distriktsretta landbrukspolitikk, og ein fiskeri- og havbrukspolitikk som skaper aktivitet langs kysten. Regjeringa vil også utvikle ein handlingsplan for kultur og næring i 2006 og ein nasjonal reiselivsstrategi våren 2007. Regjeringa legg også opp til at auka olje- og gassaktivitet i nord skal medverke til auka aktivitet på land i Nord-Noreg, gjennom tiltak som legg til rette for deltaking frå næringslivet i Nord-Noreg i olje- og gassaktivitetar i nord.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.