Historisk arkiv

Kompetansesenter for distriktsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 16.06.06

Pressemelding

Nr.: 56/2006
Dato: 16.06.2006

Kompetansesenter for distriktsutvikling

Kommunal- og regionaldepartementet vil etablere eit kompetansesenter for distriktsutvikling.

- Målet er at senteret skal medverke til å støtte opp om utviklingskraft og lokale initiativ, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Regjeringa er oppteken å leggje forholda til rette for attraktive og levande lokalsamfunn, og ønskjer særleg å medverke til ei positiv utvikling for dei områda i landet som er spesielt utsette i høve til busetjing og arbeidsmarknad. Samtidig er det eit stort behov for eit meir systematisk arbeid for å løfte fram og spreie gode døme på livskraftige lokalsamfunn.

- Regjeringa ønskjer å etablere eit kompetansesenter som kan fungere som ein ressursbank som samlar inn og spreier informasjon og gode eksempel på utviklingsarbeid, og på den måten vere til hjelp for kommunar og lokalsamfunn i deira lokale utviklingsarbeid. Eit slikt senter kan også bestille, samle inn og spreie kunnskap om utviklingstrekk i småsamfunn og område med ekstra utfordringar ved å setje i gang evalueringar og analysar i FoU-miljø, seier Haga. På denne måten kan senteret bli eit nyttig organ også for sentrale styresmakter.

- Ønsket er at senteret over tid skal fungere som eit nav i samarbeid mellom fleire kompetansemiljø, mellom anna høgskolar og forskingsmiljø. Senteret bør også over tid utvikle seg til å bli ein viktig bidragsytar til samfunnsdebatten om utfordringar og potensial i områda utanfor dei største byane. Det skal arbeide sjølvstendig i forhold til departementet og ha ei pådrivarrolle i arbeidet med distriktsutvikling, avsluttar statsråden.

Senteret skal lokaliserast utanfor Oslo og vere i drift frå 2008.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.