Historisk arkiv

Offensiv småsamfunnssatsing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 16.06.06

Pressemelding

Nr.: 55/2006
Dato: 16.06.2006

Offensiv småsamfunnssatsing

Kommunal- og regionaldepartementet har sett i gang ei småsamfunnssatsing retta mot lokalsamfunn i distrikta som eit element i distriktsløftet. Småsamfunn er lokalsamfunn med lange avstandar til regionale sentra, nedgang i folketalet og med ein sårbar næringsstruktur.

– Regjeringa legg opp til å løyve meir enn 100 millionar kroner til dette viktige formålet i stortingsperioden, seier statsråd Åslaug Haga.

Småsamfunnssatsinga er ei fleirårig satsing, og skal vere ein del av regjeringa sitt distriktspolitiske løft som blir presentert i stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken. Satsinga inkluderer ulike pilotprosjekt rundt om i kommunane og ein særleg innsats overfor utkantbutikkar gjennom MERKUR-programmet (Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkar) samt eit eige utviklingstilskot. Det er også aktuelt å setje i gang utgreiingsarbeid som kan medverke til å målrette politikken på dette området ytterlegare.

- Den nye småsamfunnssatsinga skal leggje til rette for ei meir offensiv haldning til dei utfordringane som mange, små lokalsamfunn står overfor. Det er viktig for meg å få vist fram det pågangsmotet og den krafta som finst rundt omkring i mange lokalsamfunn i Noreg, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga. Eg håpar at gode utviklingsprosjekt kan brukast til læring og inspirasjon for andre, seier statsråden.

Kommunal- og regionaldepartementet gir no klarsignal for dei første seks pilotprosjekt med oppstart i 2006 etter forslag frå fylkeskommunane i samarbeid med dei aktuelle kommunane. Departementet vurderer også andre interessante prosjektforslag som skal konkretiserast og utviklast vidare før dei kan setjast i gang.

Dei første 6 pilotprosjekta som departementet gjev klarsignal for no, er:

1. Ungdomssatsing i Lebesby og Gamvik kommunar i Finnmark

  • KRD støttar prosjektet med 250.000 kroner

2. Moderne buløysingar på bygda, i regi av Blilyst i Sør-Trøndelag

  • KRD støttar prosjektet med 440.000 kroner

3. Program for entreprenørskap i Møre og Romsdal

  • KRD støttar prosjektet med 700.000 kroner

4. Bluesbygda Skånevik i Etne kommune i Hordaland

  • KRD støttar prosjektet med 700.000 kroner

5. Hytteprosjekt i Tinn og Vinje kommunar i Telemark

  • KRD støttar prosjektet med 900.000 kroner

6. Nettverks- og kompetansebygging og utvikling i Fjellregionen i Hedmark

  • KRD støttar prosjektet med 1,2 million kroner

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.