Historisk arkiv

Broen og den blå hesten 01

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kulturdepartementet

1. BAKGRUNN

Statsrådane i Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har teke initiativ til eit samarbeid for å styrkje dei estetiske faga og kulturdimensjonen i grunn-skolen. Samarbeidet er eit ledd i oppfølginga av Stortingsmelding nr 61 (1991-92) "Kultur i tiden", Stortingsmelding nr 40 (1992-93) "..vi smaa, en Alen lange", som legg vekt på kultur for barn og unge, og Stortingsmelding nr 29 (1995-95) "Om prinsipper og retningslinjer for 10-årig grunnskole - ny læreplan" og behandlinga av desse meldingane i Stortinget.

1.1"Kultur" i skolen - skolen til "kulturen"

Skole er kultur. Verdien av skolen som kulturformidlar til barn og unge blir understreka i Stortingsmelding nr 61 (1991-92) "Kultur i tiden". I Stortingets behandling av meldinga heiter det at "Flertallet i komiteen vil under-streke at den mangfoldige og samlede kvalitet i norsk kulturliv kan styrkes blant annet gjennom kunst og kunstfagenes stilling i skoleverket, gjennom økt vekt på kulturaktivitetene blant barn og unge, gjennom hensiktsmessig arbeidsdeling og samarbeid mellom kulturinstitusjonene og gjennom nær kontakt mellom amatører og profesjonelle kunstnere". (Innst S nr 115, s 2).

I Stortingsmelding nr 40 (1992-93) "..vi smaa, en Alen lange" blir det presentert ei kulturreform, der ein større del av verksemda i nærmiljøet, frå det handverksmessige til den kunstnariske uttrykksforma, blir ein del av kvardagen i skolen. I Stortingsmelding nr 29 (1994-95) "Om prinsipper og retningslinjer for 10-årig grunnskole" står det at: "Siktemålet må være at opplæringen medvirker til å bringe videre den nasjonale kulturarven, stimulerer til å ta lokalkulturen i bruk og inspirerer barn og unge til selv å være aktive og skapende på det kulturelle området. Ny kunnskap må forankres i elevenes erfaringer og i lokalmiljøet" (kap 4.1.1. "Fellesskap"). Ein naturleg konsekvens vil vere at kunst- og kulturlivet blir integrert i skolen og like eins at skolen oppsøkjer dei kunst- og kulturtilboda som finst lokalt.

1.2Samarbeidet mellom Kultudepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Initiativet frå statsrådane har resultert i ein handlingsplan som skal sikre oppfølging av Stortingets behandling ved å initiere konkrete tiltak på alle nivå.

Som innleiing til planarbeidet hadde Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kulturdepartementet ein gjennomgang av politiske dokument og utgreiingar på kultur- og skoleområdet. Det er lagt særleg vekt på desse dokumenta, som òg har gitt føringar for det vidare arbeidet:

  • Stortingsmelding nr 61 (1991-92)
    "Kultur i tiden"
  • Innst S nr 115 (1992-93)
  • Stortingsmelding nr 32 (1992-93)
    "Media i tida"
  • Stortingsmelding nr 40 (1992-93)
    ".. vi smaa en Alen lange;" Om 6-åringer i skolen - konsekvenser for skoleløpet og retningslinjer for dets innhold
  • Innst S nr 234 (1992-93)
  • Læreplan for grunnskolen - generell del (1993)
  • Stortingsmelding nr 29 (1994-95)
    Om prinsipper og retningslinjer for 10-årig grunnskole - ny læreplan
  • Høringsutkast til Læreplan for fag i 10-årig grunnskole (L97)

Ein har like eins lagt vekt på å kartleggje ulike rådgivande dokument som bør få innverknad på utviklinga av dei estetiske faga og kulturdimensjonen i skolen og å gjennomføre desse, m a :

  • Inntrykk, uttrykk, avtrykk. Handlingsplan for styrking av de estetiske fagene i skolen. Norsk kulturråd og Grunnskolerådet 1991
  • Kultur i skolen - skolen i kulturen. Unesco 1992
  • Det integrerte bibliotek. Handlingsplan for skolebibliotek. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 1992
  • Arkitektur og omgivelser - et skoleprosjekt. Norske Arkitekters Landsforbund, Riksantikvaren 1993
  • Omgivelser som kultur. Rapport fra en arbeidsgruppe oppnevnt av Kulturdepartementet. Oslo 1992
  • Om daglig arbeid i skolefritidsordninger. Fellessekretariatet for skolefritidsordninger. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 1994
  • Rapport om Villa Grande-prosjektet. Kulturdepartementet 1994

Departementa sitt arbeid med denne handlingsplanen har i hovudsak vore avgrensa til å omhandle samarbeidet mellom grunnskolen og det profesjonelle og/eller offentlege kunst- og kulturlivet. Barn og unge må få høve til å ta i bruk ulike kunstnariske uttrykksformer. Det ligg store utfordringar både i kulturinstitusjonane og i skolane til å utvikle eksisterande og nye samarbeidsformer, nye fellestiltak og formidlingsformer som kan aktivisere og stimulere barn og unge til eigen aktivitet og oppleving. Handlingsplanen skal hjelpe til med ei slik utvikling.

1.3Grunnlaget for planarbeidet

Ein handlingsplan som omhandlar samarbeid mellom kultur- og skolesektoren bør utarbeid-ast i nær kontakt med både brukarar og produsentar av tiltak for skolen. På denne bakgrunn vart det oppnemnt ei nasjonal referansegruppe som fekk denne samansetjinga:

  • Ingvild Sørensen,
    Utdanningskontoret i Nord-Trøndelag
  • Elen Lein,
    Utdanningsdirektør i Møre og Romsdal
  • Svein Helge Treimo,
    Kulturetaten i Østfold fylkeskommune
  • Frode Sannum,
    Avdelingsleiar for kultur i Oppland fylkeskommune
  • Lise Gustavsen,
    Det norske filminstituttet
  • Liv Wahlstrøm/Øyvind Amundsen,
    Rikskonsertane
  • Jeanette Eek Jensen,
    Riksutstillingar
  • Knut Skoe,
    Riksteateret
  • Knut Jevnaker,
    Fellesrådet for kunstfaga i skolen

Forskingsinstitusjonane Norsk senter for barneforsking (Noseb) og Ungforsk vart engasjerte til å koordinere innspela frå referansegruppa og å kartleggje kunnskap og røynsler frå det samarbeidet som eksisterer mellom kultur- og skolesektoren. Med dette som bakgrunn vart det sett opp som mål for arbeidet å

  • synleggjere eksisterande verksemd og samarbeid mellom skole- og kultursektoren
  • peike på hindringar i det eksisterande tilbodet- utarbeide forslag til betre utnytting av eksisterande tilbod
  • foreslå verkemiddel som kan stimulere til samarbeid på tvers av kunstartene
  • komme med forslag som kan gjere barn og unge meir delaktige i planlegging og gjennomføring av tiltak
  • foreslå tiltak som kan få skolen til å bruke meir av eksterne kulturtiltak

Noseb og Ungforsk vende seg til eit utval av 55 skolar og 17 kommunar i totalt 9 fylke. På skolane deltok rektorane og lærarane i dei estetiske faga i ei spørjeundersøking. I tillegg svara skoleadministrasjonen og kulturetaten i kommunane og fylka på eit eige spørreskjema. Undersøkinga vart gjennomførd i januar 1995. Målet var å undersøkje den stillinga estetikken, kunsten og kultur-dimensjonen har i skolen i dag, særleg med tanke på elevane sitt møte med profesjonell kunst og korleis samarbeidet mellom skolen og den profesjonelle kunsten blir teken hand om i offentleg forvaltning. Undersøkinga omhandla vidare samarbeidet mellom skolen og amatørkulturen. Denne verksemda er av stor verdi på lokalt plan og representerer eit omfattande lokalt nettverk for samarbeid mellom skole- og kultursektor. Amatørkulturen er òg eit naudsynt supplement og ein aktuell samarbeidspartnar for den profesjonelle kunsten, og må vere ein del av eit heilskapleg tilbod til barn og unge.

Av undersøkinga går det fram at det dei estetiske faga gir til elevane si eigenutvikling og kunstoppleving blir sett på som dei viktigaste kvalitetane ved faga. Skolane gir òg uttrykk for at dei estetiske faga er likestilte med andre fag, mens det i liten grad blir fokusert på over-føringsverdien til andre fag, fagområde og til dagleglivet. Tilnærma halvparten av skolane i utvalet opplyser at dei nyttar ekstern, kunstnarisk kompetanse i undervisninga si og har gode erfaringar med dette. Samarbeidet med institusjonane er likevel prega av eingongsopplevingar framfor planmessig formidling.

Forskingsinstitusjonane leverte rapporten sin den 1. mars 1995. Rapporten inneheldt mellom anna resultat frå den ovannemnde undersøkinga og forslag til innsatsområde på kort og på lang sikt.

1.4Innhald i planen

Handlingsplanen slik han no ligg føre er utarbeidd av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kulturdepartementet i felleskap på bakgrunn av

  • rapportar frå Noseb og Ungforsk
  • intervju med nøkkelinformantar innanfor kultur- og skolemiljø
  • innspel frå referansegruppa
  • politiske og rådgivande dokument
  • forsøks- og utviklingsarbeid i regi av departementa og underliggjande organ

Den tiltaksretta delen av handlingsplanen er først og fremst knytt til kapittel 2 "Korleis byggje betre bruer". Ein har forsøkt å organisere tiltaka i forhold til åtte innsatsområde for å betre innhaldet i dei estetiske faga og kultur-dimensjonen i skolen. Ein del av tiltaka vil ein kunne gjenta under fleire av områda, men dei er av plassomsyn berre nemnde ein stad.

Delar av rapportane frå Noseb og Ungforsk er skilde ut som eigne vedlegg i handlingsplanen og representerer desse institusjonane.

Det er dessutan sett opp ei litteraturliste som omhandlar bøker, hefte og artiklar innanfor kunst- og kulturområdet.

1.5Frå plan til handling

Handlingsplanen strekar under behovet for ein samla innsats på tvers av sektorar og administrative nivå. Planen inneheld derfor forslag til tiltak på lokalt nivå, fylkesnivå og nasjonalt nivå. I samband med offentleggjering av planen arrangerer departementa ein landsomfattande konferanse for å drøfte implementering av dei ulike tiltaka i planen. Det vil òg bli sett av nokre midlar til gjennomføring av arbeidskonferansar på lokalt plan. Målet er at planen skal vere ein nyttig reiskap i den lokale oppfølginga av ny læreplan for grunnskolen. Det viktigaste no vil vere å ta steget frå plan til handling.