Historisk arkiv

Om vasskrafta og kraftbalansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 43/01
Dato: 06.04.01
Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Regjeringa legg i dag fram Stortingsmelding nr. 37 (2000-2001):

Om vasskrafta og kraftbalansen

I meldinga drøftar ein ulike sider ved utbyggingane i Saltfjellet-Svartisen-området, framtida for vasskrafta og kraftbalansen i eit tørrår.

-Regjeringa ønskjer i større grad å ta omsyn til urørd natur, og seier difor nei til dei tre vasskraftutbyggingsprosjekta til Statkraft i Saltfjellet-Svartisen-området, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

I meldinga vil departementet òg vurdera korleis ein kan forenkla sakshandsaminga i samband med vasskraftsaker.

-Dette er eit viktig mål, samstundes som me framleis skal ha høg kvalitet på arbeidet, seier statsråden.

I den same meldinga drøftar ein ulike sider ved vasskraftproduksjonen i eit tørrår. Ein svikt i nedbøren dei næraste åra kan få alvorlege konsekvensar på grunn av nedgang i produksjonen og dermed negative følgjer for velferda.

-Me må ta desse utfordringane alvorleg. Det er naudsynt med ein innsats på fleire område, mellom anna må naturgass takast i bruk for energiføremål innanlands. Farane for svikt i vasskraftproduksjon er eit godt argument for å akseptera gasskraft, seier statsråd Akselsen.